50 SHADES OF HANSEN til Strandvik

By | 2015-08-16T14:29:59+00:00 16 august 2015|Arrangement, Nyhende|

Laurdag 29. august får Strandvik storfint besøk av ei funklande stjerne på standup-himmelen.

Kritikarroste Hans Morten Hansen er ute med sitt fjerde solo-show, med den klingande tittelen «50 Shades of Hansen». Han er sylskarpt og vittig; ein mann for klar tale, og serverer historier, synsvinklar, innfall og påstandar utan nokon form for sensur.

– Vi er kjempeheldige som har fått Hans Morten hit til Strandvik. Og til og med før showet hans har vore på turné i Bergen, seier Cathrin Valestrand i Grendahuslaget. Dette er utan tvil ei satsing for oss, som vi håpar vert vellukka. Det er ikkje gratis å få ein så stor artist til bygda, og eg håpar Strandvikarane og resten av Fusingane set pris på dette. Me har berre 270 billettar til showet, noko vi håper og trur vert utseld fort.

Det er ikkje kvar dag ein av dei store komikarane i Noreg kjem til bygda, og Hans Morten har fleire Komiprisar som vitnar om humoren. Han vart nominert til Komiprisen for beste stand-up for sitt første soloshow. For show nummer to og tre gjekk han til topps og fekk Komiprisen for beste stand-up.

Men det er ikkje berre humor Grendahuslaget byr på denne kvelden. Two4You spelar til dans etter showet, så dei byr på full pakke! Two4You har vore i Strandvik og spelt til dans før, og dei er kjende for å laga bra liv. Billettar berre til dansen vert seld i døra etter showet, men vi håpar at så mange som mogleg vil ta seg ein heilaftan her i Strandvikjo.

Det er lagt ut billettar til showet både hjå Maran Sko i Eikelandsosen, på Spar Fusa og Joker Strandvik.