Alt klart for Marknad!

By | 2016-05-22T19:52:24+00:00 22 mai 2016|Arrangement|

Me gler oss stort til Strandvik Marknaden anno 2016 komande laurdag, 28. mai.

I år som i tidligare år startar dagen kl. 9 med den formidable frukostbufféen til Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar. Kl. 10 opnar sals- og utstillingsbodene der det i skrivande stund er 31 påmelde med så ymse som vasscooter, bilar og atv til blomebåtar, filippinsk mat og metal-musikk.

Tradisjonen tru vert det sjølvsagt lotteri, hønsedritebingo og andeslepp.

Også i år vert det song- og musikkstemne under marknaden. Eikelandsfjorden Musikklag, Iman og Rianne de Zwarte på orgel og blokkfløyte, Kor(t)pusten, Strandvik Blandakor og Holmefjord Musikklag framfører eit allsidig repertoar i kyrkja og Grendahuset.

Om kvelden vert det fantastisk stemning med dans i Grendahuset med sjølvaste SPLINT. SPLINT har i løpet av dei siste åra turnert heftig, og har fått svært rosande omtalar. Dørene opnar kl. 21:00.

I fjor fekk marknaden besøk av mange overnattingsgjestar i bubil. Også i år kan desse parkere på anviste plassar ved ridebana til Fusa Hestesportlag. For båtfolk har Leigland Bygg ei flott gjestebryggje i Ådnavikjo.

Der er også meldt flott vêr! Einaste mørke skya me ser er at Statens Vegvesen har kansellert alle ferjerutene på Hatvik – Venjaneset. Me ser likevel positivt på det, og håper denne flotte dagen likevel kan lokke osingane til å køyre rundt.

Vel møt til ein fantastisk helg!