Aksjeteikning i Strandviktorget AS

By | 2015-06-11T20:33:06+00:00 11 juni 2015|Ymse|

Gode sambygdingar, hyttefolk og andre som har tilknyting til Strandvik. Strandvikbygda er inne i ein positiv utvikling, og i den forbindelse er det beslutta å byggja ny daglegvarebutikk.

Butikken vert liggjande midt i sentrum, på bakken til Ronny Aakre, der løa tidelegera stod.

Det har vore eit interimsstyre som har arbeida fram prosjektet, og som har starta selskapet Strandviktorget AS. Strandviktorget AS har som formål å byggja ny butikk. Bygget vil bli på ca. 670 m2 og butikken (med fråtrekk for lager, fellesrom osv.) blir på ca. 350 – 380 m2. Bygget vil ha ein kostnad på ca. 8 mill kronar.

Finansiering

Det er i dag teikna aksjar for 1,1 mill kronar. Det blir også jobba med å skaffa pengar gjennom Merkur-programmet. I tillegg blir bygget finansiert med lån. Interimsstyret har beslutta at alle og einkvar skal få moglegheita til å kjøpe aksjar. Dette er eit stort løft for oss alle og eit framtidsretta tiltak. Pris pr. aksje blir kr 25 000,-.

Håpar dette er av interesse, og at me i fellesskap gjev bygda ein ny framtidsretta dimensjon ved etablering av ny butikk.

Har du moglegheit, bli med på aksjeteikninga ved å fylle ut skjemaet du finn ved å trykke her.

Svein Lang
For Strandviktorget As