Arbeid på hovudvassleidningen

By | 2014-01-29T16:44:55+00:00 29 januar 2014|Smånytt|

Her kjem ei meldinga frå styret i Strandvik og Vinnes Vassverk SA:

I desse dagar blir det starta opp arbeid med å skifte ut hovudvassleidningen mellom Åkre og Trudvang.
Det går ein leidning under elva som ligg synleg på elvebotnen, utan vern mot stein og støyt.
Me vil byta ut den 40 år gamle leidningen med ein sikrare og meir solid.
Får me det til slik me vil kjem ikkje nokon til å miste vatnet under arbeidet.