Årskavalkade 2012

By | 2013-01-01T09:58:02+00:00 28 desember 2012|Referat|

Det var i slutten av mars me erklærte Strandvik inn i data-alderen ved å lansere oss sjølve på den verdsvide veven.

Hensikten var å formidle informasjon, nyhende og diskusjon kring Strandvik for innbyggjarane, hyttefolk og andre interesserte. Her følgjer eit samandrag av artiklar og nyhende frå nettstadens fyrste år.

Mars:
I tillegg til ein introduksjonsartikkel kunne me innvie fyrste månaden vår med eit referatet frå årets 17. mai møte.

April:
I april kunne me melda at den fantastiske sanitetsforeininga hadde kjøpt inn ein hjartestartar til bygda.
Denne vårmånaden blei også Strandvik tatt inn i bygdeutviklingsprogrammet LivOGLyst.
I slutten av april klarde me å samla heile bygda til dugnad og ein skikkelig vårreingjering.

Mai:
Kyrkja var stengd ei stund, men i mai opna ho opp igjen nymåla innvendig.
Det var midtbygda sin tur å arrangera 17. mai i år, og på bileta me publiserte såg nasjonaldagen vellukka ut.
Grendahuset kunne by på revy frå Tedna Laidys med dans attåt. Og skulen inviterte på show med «Strandvik sine talent».
På slutten av månaden vart renovatørane tatt ut i streik, og me kunne melda at det ikkje såg ut rundt «boss-stasjonen» ved parkeringsplassen i sentrum. I sterk kontrast kunne me på siste dagen i mai skrive at Strandvik var nominert til Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2012. Ein pris me diverre ikkje vann.

Juni:
For fyrste gong heldt me marknad i bygda, og marknadsdagen laurdag 9. juni vart ein stor suksess.
Forutan ein motorsykkelgjeng som inntok bygda var den fyrste sumarmånaden roleg for Strandvikjo.no.

Juli:
Tradisjon tru gjekk både Strandvik Open og Strandvikløpet av stabelen. Det knallharde sykkelrittet Le Tour de Fusa tok også turen innom bygda.
Reguleringsplanen for Fv 122, Kvålshaugen / Jordmorsvingen vart godkjend.
Juli enda med ein nedtur då Posten Norge AS la ned «Post i Butikk» hos Joker Strandvik.

August:
I august klarte faktisk ikkje redaksjonen å produsere ein einaste artikkel. Me tar sjølvkritikk, og satsar på at august 2013 blir mindre tekstlaus!

September:
I den fyrste haustmånaden vart grendahuset okkupert av datamaskiner.

Oktober:
Kyrkja fekk endeleg eit overbygg over hovudinngangen etter 73 års arbeid.
Strandvik og Vinnes Vassverk SA tok det store steget ut på den verdsvide veven ved å lansere eigen nettstad.

November:
Me kunne konstatera at Strandvik er den litterære hovudstaden i Fusa.

Desember:
Byggjesøknad for Strandvik Nye Barnehage er sendt.
Fusart har juleutstilling på Handelslaget. Og på Handelslaget vart også den spanande boka «Då krigen kom til Strandvik» av Johan Warhuus lansert denne fyrste vintermånaden.

Dette året har me også kunne lese om 12 sambygdingar i «Folk og fe»-spalta. Me har vert gjennom 29 hendingar i kalenderen. Gjennomsnittleg har me har hatt heile 627 unike besøkande innom nettstaden kvar månad. Og me har 219 personar som likar oss på Andletebokjo.

Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2013, er det meir bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det begrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at DU som lesar sender inn hendingar til kalenderen, plakatar til oppslagstavla, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst legg igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Og kanskje kommentaren din startar ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrevet sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

Alt i alt har det våre eit kjempe år for Strandvikjo.no, og redaksjonen ser seg særs nøgd med det. Me har mange planar for neste år. Kva desse planane er for du vente å sjå, for me reknar med du følgjer med oss i 2013 òg?


Godt nytt år, Strandvik!