Artig møte med Strandviknissen

By | 2014-12-25T11:17:28+00:00 25 desember 2014|Smånytt|

Andre sundag i advent inviterte Strandviknissen bygda til den nye hytta si på toppen av Kletten.

Mørkret hadde senka seg over Kletten, då eit tjuetals godt kledde Strandvikingar utfordra den triste og stormfulle vestlandsvinteren, for eit møte med denne mystiske nissen.

Nissens hjelpar stod og tok imot dei forventningsfulle unge, og klypte så snora til nissehytta. Ut kom sjølvaste Strandviknissen, som viste seg å vera ein svært hyggeleg nisse. Med seg hadde han smått og godt til dei yngre, og kaffi og kaker til dei eldre.

Då alle hadde fått kikka inn i nissehytta og levert ynskjelista si, var det på tide å vende nasa nedover. Faklar vart tend for å gjeve ljos og stemning på vegen nedover. «Toget» ned stien denne kvelden lyste av varme og glede. På toppen vart Strandviknissen sitjande igjen for å arbeide seg gjennom alle ynskjelistene.

Eigentleg var planen å laga bål av alle faklane i Handelslagsfjøra, men vinden var for sterk der. Så ein nytta heller høvet til å innvie det nyoppsette steinbordet i Jordmorsvingen med eit ærefullt bål. Dei sprakande gneiste frå bålet fekk ein kvar til å gløyme det stormfulle veret.

Strandviknissen hadde ikkje fått innlagt straum endå under innviinga av hytta si, men det har han no, og pynta hytta si med lys har han også.

Kanskje ser du eit glimt av Strandviknissen om du tek ein tur på Kletten?