About Cathrin

I 1979 kom ei blåaugd tulle til verda i Stryn i indre Nordfjord. Oppforstra blant høge fjell, fjordar og fjordingar, vart likevel utferdstrangen stor etter gymnaset. Bylivet i metropolane Bergen og Oslo vart testa ut og forkasta, og etter nærare fem år i nabokommunen Os har eg no enda opp i fagre Strandvik saman med husbond og to born. Eg har mitt daglege virke i Os og Fusaposten, der eg jobbar som journalist.