Ved Strandvik kyrkje står det ein bautastein til minne om menn frå tidlegare Strandvik herad som miste livet under andre verdskrigen, 1939 – 1945.

Denne bautasteinen sette ungdomslaga i Strandvik opp 8. mai 1948. Kvar 17. mai vert det lagt ned ein krans ved minnesteinen. For mange av oss er namna hogd inn i denne steinen lite kjende, men i «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik» er det råd å finna nokre opplysningar som kan utfylla kunnskapen vår noko.

Johannes Bernhard Lægland

Johannes Bernhart LæglandVart fødd 9. februar 1893 og kom frå Storholmen i Strandvik. Han var kaptein på dampskipet «DS. Sneland I» då dei vart torpederte i Leithfjorden på reise frå Blyth til Belfast. Dette var så seint som 7. mai 1945. Bernhard Johannes Lægland var då 52 år gammal. Han budde i Haugesund og er gravlagd der.

Gunnar T. Håvik

Vart fødd 29. juni 1921 og kom frå Håvik i Strandvik. Han var berre 23 år gammal då han miste livet i ei flyulukke ved Kinnekulle i Sverige 28. august 1944. Flyet, ein Lockheed 18 Lodestar frå BOAC, var på veg til England då det i dårleg vêr fauk inn i ulendt terreng. 11 av dei 15 ombord, inkludert heile mannskapet på 3, omkom. Gunnar Håvik er gravlagd i Kinnekulle ifølgje soga.

Einar Olsen Vik

Einar Olsen VikVart fødd 11. august 1911 og kom frå Vik i Strandvik. Han var fyrbøtar på dampskipet «DS. Telnes» og miste livet då skipet kom vekk på veg til Rotterdam og Antwerpen. Dei gjekk frå New York 9. april 1940 med stykkgodslast for Nederland og Belgia. Skipet let ikkje høyra frå seg, og heller ikkje undersøkingar om skjebnen til skipet førte til noko resultat. Ein antok difor skipet som krigsforlist, og heile besetninga, 18 mann, som omkomne. Einar Vik vart 28 år.

Hans Amandus Revne

Hans Amandus RevneVart fødd 17. februar 1902 og kom frå Revna på Baldersheim. Han var styrmann på dampskipet «DS. Fjord». Han kom vekk då skipet vart torpedert 2. desember 1941 i nærleiken av Gibraltar. Dei var lasta med jernmalm og på veg frå Aguilas i Spania til britisk havn. Skipet gjekk rett ned, og besetninga måtte hoppa over bord utan å få tid til å setja ut redningsmateriell. To flåtar flaut opp, og 22 mann redda seg på dei. Hans Amandus Revne var blant dei 11 nordmennene som omkom.

Kristoffer Brendøy

Vart fødd 20. mars 1919. Han var passasjer på dampskipet «DS. Fusa» då det vart søkkt av allierte fly i Korsfjorden. «DS. Fusa» gjekk som lokal rutebåt og var på veg frå Bergen til Tysnes. Sju personar, to frå besetninga og resten passasjerar, omkom. Dette var 8. januar 1945, og Kristoffer vart nær 26 år.

Randi Hauge
Strandvik, september 2013.

Kjelder:
O. B. Skaathun: «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik»
Minnehallen.no