Bilete frå 17. mai 2014

By | 2014-05-18T13:57:35+00:00 18 mai 2014|Ymse|

Årets nasjonaldag var spesiell fordi det var 200 år sidan riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok Grunnlova.

Som ved nasjonsjubileet i 2005 var det lagt opp til felles feiring i Eikelandsosen på føremiddagen. Det lokale programmet i bygda bar preg av dette med mindre leikar og aktivitetar enn vanleg. Likevell fekk ein pressa inn tradisjonelle tevlingar som kasting av både hestesko og syre-kanner. Det vart også «bygdakamp» mellom ytre-bygda, midt-bygda og indre-bygda, men underteikna må ha vert litt i svima då han ikkje fekk med seg kven som vann. Kommenter gjerne under om du veit kven som vart vinnaren. Det var sal av middag, og pølser og is til borna. Sola skein for fyrste gong på iallfall tre nasjonaldagar. Om det var sola som hjelpte vitast ikkje, men det må seiast at årets tog hadde rimeleg god lengde. Folk må ha likt så godt å gå i tog i Eikelandsosen, at det freista å gå endå ein gong. Alt i alt vart det endå ein fin nasjonaldag i den vakre bygda vår.

Her følgjer eit knipe bilete frå feiringa, med leikar, aktivitetar og folk i strålande humør.

Ved å trykkje her kan du ta eit tilbakeblikk på tidligare 17. mai-feiringa i bygda. Ved å trykkje her kan du lese meir om bautasteinen kransen vert lagt ved.