Strandvik Open og Strandvikløpet vart flotte dagar også i 2014. Ein mild sommartemperatur gjorde dei våte bygene overkommeleg, og sette på inga måte ein dempar på stemninga.

Dei siste 7 åra har Strandvikløpet og volleyballturneringa Strandvik Open vore kombinert til eit arrangement. Dagen byrja allereie kl. 9 for dei som hadde meldt seg på for eit slag volleyball. Denne laurdagen vart det turnert i mix 4 (i volleyball-terminologi tyder det 4 personar av variert alder og kjønn på eit lag) for både venelag og bedriftslag. Dagane i førevegen var det mogleg å bli trent av fleire av toppane i volleyball-Noreg. Det var Kåre og Merita Mol som hadde regien i dette. Samstundes vart det tevla i fleire ulike aldersklassar desse dagane. Det vart rundt 250 deltakarar i alderen 6 – 60 på torsdag og fredag, og omtrent 150 deltakarar og 28 lag på laurdag.

Nokre eldsjeler frå Strandvik Idrettslag har stått på i fleire dagar for å leggja til rette for denne dagen. Med det førte dei det tradisjonelle Strandvikløpet inn i sitt 24 år. Dagen bydde i tillegg til dei tradisjonelle løpa på hesteskokasting, bogeskyting, lotteri og mykje anna.

Årets Strandvikløp bestod av «Iskremløpet» for dei minste, «Sentrumsløpet» for dei mellomste og klassikaren «3 km» for alle aldrar. I år fekk «3 km» også ein eigen gå-klasse (friviljug sjølvsagt) for dei med alderen 60+. Her vart det trekt ut flotte premiar på startnummera. Utanom personlege rekordar vart det ingen nye rekordar under årets løp, men likevel mange imponerande prestasjonar av deltakarane. Det vart 49 deltakarar i sentrumsløpet, 50 på 3 km og 8 på 3 km for 60+.

Etter den strabasiøse innsatsen med joggeskoa på – eller utan sko i sanden – avslutta speaker Erik Hanøy arrangementet med premieringa av både volleyball, løp, leik og lotterivinnarar.

Etter at alle hadde kvitta seg med sanden i og mellom samtlege kroppsdelar, vart det arrangert dans på kveldstid. Omtrent 215 menneske i myndig alder samla seg til ei stund med særs god stemning. Her vart det allsong i teltet utanfor Grendahuset, og seinare spelte «Tommy och Aftonbandet» opp til dans. Dansen svinga seg langt ut i dei seine nattetimar og avslutta ein flott dag.

For å sjå resultat og tider kan du trykkje på dei grå «bjelkene» nedanfor:

Strandvikløpet

Sentrumsløpet

Angelskår Emil 4.47.6
Angelskår Marcus 4.35.7
Angelskår Nicklas 4.34.0
Angelskår Ulrik 4.34.0
Bolstad Marte V. 3.50.9
Bonsu Benjamin 5.21.8
Dalland Ingvil 5.11.1
Ellingsen Aurora Skjeldbreid 4.56.8
Ellingsen Elias Skjeldbreid 5.27.3
Freidtlitz Emelie 3.46.3
Freidtlitz Erik 3.29.4
Furubotn Maja 5.09.1
Garverhaugen Emilie 5.16.0
Garverhaugen Iselin 5.01.8
Gjelland Ingrid Skjeldbreid 4.46.7
Hanevik Harald 3.59.3
Hanevik Ingebrigt 5.22.4
Hauge Ole Jomar 5.27.8
Hauge Una Emilie 5.31.4
Håland Jonas 4.25.0
Jensen Anja Sagen 4.44.3
Kolltveit Emil Høysæter 3.38.1
Kolltveit Emma Louise H. 6.04.9
Lehemets Laur Espen 5.00.9
Mansaray Kristin Hauge 6.04.3
Merkesdal Brage 4.14.1
Merkesdal Iver 6.39.3
Midtbø Karina 4.21.1
Mikkelsen Trym 4.01.9
Milde Tor Odin 5.05.5
Nesse Ida Emilie 4.06.0
Nesse Marius 5.28.3
Nordanger Josefine 4.21.9
Nybrot Tony A.L. 4.16.1
Nygård Henrik 3.50.5
Olsen Matias 4.40.8
Poiree Anna Skjeldbreid 4.48.5
Poiree Lena Skjeldbreid 5.27.3
Samnøen Even 3.28.5
Smørholm Mathias 5.10.5
Solheim Frida 5.30.2
Solheim Una 5.18.6
Sundvor Daniel 4.24.3
Sørheim Tord 4.22.7
Tveit Eivind Vik 5.21.3
Ulland Lars Tøsdal 4.44.7
Vik Espen 4.05.9
Øyjordsbakken Madelen 6.38.3
Øyjordsbakken Mikel 4.31.9

 

3 km

Birkeland Guttorm 13.25.9  
Birkeland Martin 11.54.5  
Brill Thomas 14.08.3  
Brunsvik Toril 16.44.0  
Dalland Eirik Klyve 09.54.3 1. plass herrer
Dalland Lena Haugen 25.41.0  
Dalland Maria 14.23.4  
Djupvik Jon 16.08.2  
Djupvik Tuva 15.57.3  
Elvestad Adrian 17.53.4  
Elvestad Elise 18.05.5  
Elvestad Henning 14.21.8  
Froestad Jan 13.07.5  
Froestad Kåre 12.50.7  
Froestad Per 13.32.8  
Gjelland Kristi Skjeldbreid 14.39.0  
Glesnes Jon Krister 12.49.4  
Habaiybeh Bastol 22.19.0  
Hanevik Amund 15.44.6  
Hanevik Jørgen 11.59.9  
Heggheim Johnny 14.11.9  
Henriksen Kristin Stabel 13.58.8  
Hodneland Anne Karin Ask 18.17.3  
Hodneland Kjetil Ask 18.16.3  
Holmeland Ørjand Ask 18.09.0  
Jacobsen Amalie H. 13.35.8  
Jacobsen Eirik H. 14.07.7  
Johannesen Gunnar 12.08.4  
Lund Øyvind Macody 10.16.0 2. plass herrer
Lundervik Bjørn Inge 21.08.0  
Mansaray Marit Hauge 16.20.7  
Mathisen Torgeir 10.48.0  
Nistad Sverre 12.36.1  
Noranger Lars Vidar 13.55.8  
Norheim Lars 14.37.3  
Norheim Sondre 10.38.3  
Opsal Frode 13.01.9  
Poiree Emma Skjeldbreid 13.11.3 2.plass damer
Reiertsen Hege 13.34.3  
Røstum Ole 12.46.6  
Samuelsen Jørgen 12.56.0  
Skauen Nikolas Kvåle 11.02.3  
Skauen Sara Kvåle 12.57.3 1. plass damer
Skurve Jone 13.47.4  
Steine Maria Vestbø 13.12.4 3. plass damer
Sundvor Martin 12.08.0  
Søfteland Andreas 10.21.9 3. plass herrer
Vestbø Svanhild 13.57.7  
Vik Lena 18.24.8  
Vindenes Ove 15.37.6  

 

3 km for 60+

Bahus Aagot 26.39.0
Holmeland Gerda 26.34.0
Håvik Torstein 13.09.0
Landøy Jan Birger 16.20.0
Nortveit Ingvard 15.48.8
Skauen Jan Sture 13.07.5
Sletteland Ingrid 23.06.0
Vindenes Asbjørn 22.55.0

Strandvik Open

U15

1. Tora Aksnes & Hanna Eikeland
2. Monika F. Stakseng & Elisabeth Aasprang
3. Markus Mol & Magnus T. Soltvedt
4. Agnes Eline Hoel & Celie-Camilla Dalland
5. Gina K. Istad & Mira H. Nilsen
6. Håvard Vik & Eirik Åsmul
7. Susanne Samnøen & Maria Vik
8. Elisabeth T. Botnen & Annette Nybrot
9. Terian & Maria Åsmul
10. Åsmund Tuft & Arne Johan H. Kartveit
11. Adrian Mol & Melina Mol

JU17

1. Astrid Vangdal & Frida Eikeland
2. Grethe T. Soltvedt & Marthe Åsmul
3. Andrea Stangnes & Helena Velle Myking
4. Anni Skåtun & Marte Ekeberg Klippen
5. Helene G. Riise & Marthe Samnøen
6. Hanna S. Tholo & Anja Solberg
7. Maren & Guro S. Spilde
8. Monika F. Stakseng & Elisabeth Aasprang
9. Eiril Ekeland & Kristi Gjuvsland
10. Hanna Eikeland & Tora Aksnes
11. Andrine R. Vallestad & Julia B. Rysjedal
12. Maria Vik & Susanne Samnøen
13. Amanda Brodersen & Sanne S. Tufta
14. Silje G. Andersen & Benedicte S. Sværen
15. Agnes Eline Joel & Celie-Camilla Dalland

GU17

1. Torbjørn F. Stakseng & Johannes H. Hansen
2. Jonas Kvåle & Torjus Tuft
3. Martin Sundvor & Maren Hoel
4. Magnus T. Soltvedt & Markus Mol
5. Håvard Vik & Eirik Åsmul
6. Åsmund Tuft & Arne Johan 

JU19

1. Ida Myking & Hilde Alme
2. Otelie Tuft & Elin Sundvor
3. Rebekka Ekeland & Anja Solberg
4. Malin & Elen Ekeberg Klippen
5. Gjøa Øvredal & Johanne Hoel
6. Grethe T. Soltvedt & Marthe Åsmul

Mix 2

1. Asphaug & Koldal
2. Tuft Soltvedt & Tuft
3. Tuft & Sundvor

Mix4 Vennelag

1 .På Andre Siden Av Fjorden
2. Trøkk16
3. Tuftegard Aust 

Mix4 Bedrift

1. Magne Skåtun Rørleggerforretning
2. Sparebanken Vest
3. Joker

Her er flotte bilete som Martha Kristin Tuft Soltvedt tok under arrangementet: