Styret i Grendahuslaget oppmodar alle i Strandvik som ikkje har skjenkekurs om å melda seg på skjenkekurs i Eikelandsosen komande måndag.

Det er sett i gong arbeidet med å setja opp vaktlag, for å få ei jamn og rettferdig fordeling av “vakt-teneste” ved arrangement. Men å ha skjenkekurs betyr ikkje at ein blir spurt oftare om å vera vakt ved arrangement, berre at det kan vera enklare å få kabalen til å gå ihop, seier nyvald leiar i Grendahuslaget Cathrin Rustøen. 

Påmeldingsfristen er fredag 28. mars kl. 14:00. Kurset varer frå kl 18:00 til 21:00.

Påmeldingsinfo:
postkasse@fusa.kommune.no eller på tlf.: 56 58 01 00.