Bo Mathys: Ung fotograf

By | 2014-01-27T20:10:02+00:00 29 november 2013|Bilete, Intervju|

Strandvik er kjend for å husa mange flinke kunstnarar. Dei fleste er godt etablerte og viden kjende i bygda, og nokre attpåtil ellers i landet òg. Men no har det dukka opp ein svært ung fotokunstnar i bygda. Gjennom Facebook har han posta bileta sine på den verdsvide veven til glede for alle som har Facebook-konto. No er det på tide at dei som ikkje er på Facebook vert kjende med denne unge fotografen sine bilete, og samstundes finne ut litt meir kven denne karen eigentleg er.

Bo MatheysBo Mathys kom til Strandvik fyrste gong sommaren 2012. Då var han på ferie her i lag med mor, far og veslebror. Familien vart observert nokså ofte med fiskestenger på veg til sjøen. Og dei kom alltid attende med innhaldsrik fangst som dei fastbuande vart ståande å beundra. For å gjere ein lang og opplevingsrik ferie kort, familien bestemde seg for å flytte til bygda. Dei returnerte til Belgia og byrja å læra seg norsk ved å lytte til lydbøker. No har familien budd her sidan november 2012.

Bo, uttalast Bå, går i 7. klasse ved Strandvik oppvekstsenter. Han byrja fyrst å leike med film, men fekk ikkje heilt grep på dette mediet. Han prøvde seg på fotografering og fann seg svært godt til rette bak kameraet. Bo er sjølvlærd og nyttar blant anna YouTube til å plukke opp tips og råd. For tida er det panoramabilete som vert eksperimentert med.

Hålandsdalen

Hålandsdalen

Bo har allereie fått eit  jobb-oppdrag, rett nok ubetalt. Han er engasjert som produkt-fotograf for Sjokolademinne. Sjokolademinne lagar belgisk sjokolade og det er mor til Bo som driv den vesle, men vaksande, bedrifta. Innan kort planleggje Sjokolademinne å opna ein nettbutikk. For at produktbilete skal bli så gode som sjokoladen dei reklamerer for, har Bo snikra saman ein fotoboks der han får best mogleg forhold for å kunne fange delikatessene inn i linsa si.

Pumpehus

Pumpehuset

Og dette er ikkje alt den driftige ungdommen driv med. No sparar Bo til ny linse slik at han kan begynna å eksperimentera med portrett-fotografering. For å tene opp litt penger til dette har han i anleiinga til Julemarknaden, som vert halde i Grendahuset sundag 1. desember (2013), laga postkort av utvalde fotografi frå samlinga si. Både desse postkorta, og den belgiske sjokoladen han fotograferer, vert å få kjøpt på Julemarknaden.

Naustrekkja

Bileta til Bo kan no sjåast på Flickr ved å trykkje her. Flickr er ein nettstad der fotografar frå heile verda syner fram sine verk. Faktisk finn ein her fleire fotografar frå Strandvik. Blant anna finn ein bilete frå Ingvar Nistad, Sverre Aujar Nistad Kvamme, Peter-Hans de Zwarte og Lars Kristian Kvåle.

Bo Mathys har kanskje ein lysande karriere som fotograf framfor seg, men fyrst skal han selje postkort på Julemarknaden. Velkomen til den sundag 1. desember (2013) frå kl. 13 – 17.