Boksignering av Bente Bratlund

By | 2014-03-03T14:03:12+00:00 3 mars 2014|Arrangement, Kunst og kultur|

Tidligare har me funne ut at Strandvik er den litterære hovudstaden i Fusa. Seinast to fredagar sidan husa Handelslaget ein kriminell kveld med tre krimforfattarar og ein syngjande poet. Og no fyrstkomande torsdag kjem endå ein kjend forfattar for å signere boka si i bygda. 

Denne gongen er det Bente Bratlund som kjem på visitt med den nye boka si «Fra livets minnebok» i kofferten. Den tidlegare osingen, no buset i Vestre Toten i Oppland, har samla historiar fortald av 15 eldre menneskjer. Desse menneska er både frå Nordhordland, Os og Fusa. Faktisk mesteparten frå Fusa! Innimellom historiene har ho krydra boka med nokre sjølvskrivne dikt. 

Torsdag 6. mars signerer Bratland boka si fyrst på Tønnekafeen i Eikelandsosen frå frukosttider og utover, før ho legg turen til Strandvik og det lokale establishmentet Handelslaget. Her kan ein skaffe seg eit signert eksemplar av forfattaren sjølv frå kl. 15:00 – 17:00. 

– Vel møt.