Eit tilbakeblikk ved Johannes Kvåle.

Eg er beden om å skriva eit notat om oppstarten og bygging av Strandvik Idrettslag si hytte på Breistølen i Fusafjedle. Svært mange tok del i dugnadsarbeidet, dei fleste utan noko godtgjersla. Dersom eg skulle nemna namn, vil det lett bli nokon som gjorde stor innsats, og ikkje er blitt hugsa på. Men utan å gjera nokon urett må eg ta fram Per Vik og Leif Vik. Per Vik serleg i oppstarten, og Leif Vik både i oppstarten og gjennomføringa. Det er for det meste opplysningar frå desse to og det eg har notert og hugsar sjølv, eg byggjer på i det fylgjande.

På femtitalet var Fusafjedle svært mykje nytta i tursamanheng både sumar og vinter. Kva tid og kven som først tok opp spørsmålet om å få bygd ei hytte veit eg ikkje, men eg hugsar at me først såg på ein plass opp mot Storahorjo. Men det vart snart klart at plassen skulle vera der Haugs-og Leglandssela stod. Leglandsselet var det då lite att av. Haugsselet sto framleis, men var i svæt dårleg stand. Me tok opp spørmålet med Stein Hauge, som då var formann i fjellstyret. Han laga eit skriv som me var rundt til alle grunneigarane for å få underskrift. Per og Leif tok for seg dei i Bersbygdo, og Per og eg dei på Fusa. Alle skreiv under med unnatak av ein, men det valde me å sjå bort frå.

Frå venstre: Bjarte Kvåle, Leif Vik, Odd Harald Kvåle, Johannes Kvåle, Terje Tveit, Torleif Bakke, Gunnar Kvåle, Per Kristian Vik, Bjørn Terje Hauge, Kjell Henrik Vestvik, Per Vik, Olav Einar Kvåle og Tor Vik.Frå venstre: Bjarte Kvåle, Leif Vik, Odd Harald Kvåle, Johannes Kvåle, Terje Tveit, Torleif Bakke, Gunnar Kvåle, Per Kristian Vik, Bjørn Terje Hauge, Kjell Henrik Vestvik, Per Vik, Olav Einar Kvåle og Tor Vik. (Trykk på bileta for å forstørre dei.)

Frå venstre: Leif Vik, Johannes Kvåle, Per Vik og Leif Magne Vik.

Frå venstre: Leif Vik, Johannes Kvåle, Per Vik og Leif Magne Vik.

«Teikningar» til hytta var diskutert, og var ikkje meir detaljert enn eit «romprogram» og fastsetjing av utvendig størrelse. Ein kan vel kalla det for ei skisse. Dette var nok eit samarbeid, og om nokon hadde hovedansvaret, veit eg ikkje. Me fekk løyve hos Anders Legland, som eigde skogen, å hogga det me trong til hytto. Vinteren 1963 vart det hogge, barka og drege fram rundtømmer nok til bjelkar og sperr. Stokkane vart øksa beine, etter snor og kritstrek. Det var mykje snø denne vinteren, så det var litt av eit slit å få tømmeret på plass. Me fekk greie på at det skulle hoggast tømmer i Kjørkjeteigen (kommunal eigedom). Kvelden før kommunestyret var me oppe til kommunestyremedlem Hans H. Tuft. Han skreiv ein søknad frå idrettslaget for oss. Den la han fram for ordføraren (Stein Hauge) dagen etter. Eg siterar frå møteboka 22. oktober 1962:

«Det føre-låg eit brev frå Strandvik Idrettslag. Samrøystes vedtak: Det vert å lysa ut tilbod på den utblinka granskogen på kommunegarden. Strandvik Idrettslag får hogga ca. 30 m3 av den skogen i Kyrkjeteigen som heradskogmeistaren meinar bør hoggast. Skogreisingsleiaren blinkar ut. Det er ein føresetnad at idretteslaget ryddar opp etter seg.»

Leif Vik og Bjarte Kvåle

Leif Vik og Bjarte Kvåle

Det var Tor Stensletten som var skogreisingsleiar, og han var nok romsleg når han blinka ut for oss. I kommustyrevedtaket står det granskog, men det var fureskog som stod i Kjørkjeteigen. Tanken med tømmerhogsten var at her kunne me nytta mykje dugnad og skaffa oss billig den trematerial som trongst. Ein baktanke var nok og at det tømmer som var for mykje kunne seljast. Både tanken og baktanken slo til for fullt. Det var stordugnad i Kjørkjeteigen rundt årsskiftet 62 – 63. Motorsag var brukt til felling og litt kvisting, men elles var det «handamakt» til kvisting, barking og draging ned til vegen. Takka vere romsleg blinking vart det mykje til overs. Dette kjøpte Magnus Skåtun, etter at me var med og klargjorde for fløting frå Vågen. Det som trongst til hytta vart transportert til Erling Dalland si sag i Storasundet. Og noko til Einar Vik si sag ved Vike-elva. Etter oppsetting og tørking ved Storasundet, vart det som skulle brukast innvendig i hytta frakta til Heggland på Os for høvling og pløying. Transport begge veier var med mjølkebilen, sjåfør Anders Vik.

Grunnarbeidet vart utført sumaren 1963. Som før nemnt var Haugsselet i dårleg stand, men ikkje verre enn at det var brukande til overnattingsplass. Hos Torbjørn Tombre (dampskipsekspeditøren) fekk me låna ein presenning, og hadde såleis tett tak og ei brukbar «arbeidsbarakka». Me hadde hestar med oss, som vart brukte Breistølshytta (2) til kløvjing og trekkraft for ein provisorisk slede som vart laga på plassen. Stein fann me for det meste i Setraelvo. Støypesand vart samla opp frå bekkjer like ut frå Svingar. Sement og diverse anna kløvja frå Hauge. Arbeidet gjekk med liv og lyst, men ikkje heilt utan dramatikk. Leif Vik fekk krast stortåa si av den største steinen i grunnmuren. Leif måtte fraktast til bygda på hesteryggen. Arbeidsfolk trong mykje mat. Eit par av dei yngste gutane vart sende til bygdars for proviantering. Dei kom oppatt med mat, og hadde med seg eit fylgje av 7 – 8 jenter. Men etter at jentene hadde ete seg godt mette, for dei heimatt. Det lika dugnadsgjengen lite. Det vart difor einstemmig bestemt at det skulle straffast med dansestreik, og ei tid frametter vart Strandvikajentene «veggpryd» på dansane.

Om det heile tida var ein føresetnad at det skulle nyttast helikoptertransport veit eg ikkje. Det var kanskje pengar frå salg av tømmer frå Kjørkjeteigen som gjore dette mogeleg. I alle høve vart helikopter hyrt inn på ettersumaren 1963. Avtala pris var kr 900,- pr. time. Kvart hiv skulle vera 250 kg. Alt var pakka og klart ved løa til Einar Håvik, men det varde og rakk før helikopteret kom. Men omsider kom transporten i gang. Alt gjekk greit, bortsett frå ueinigheit om timar som var ført opp på rekninga. Etter litt om og men oppnådde me ein betydeleg reduksjon. Hytta var reist tidleg på hausten 1963. Det var berre reisverk, tak og plater på veggene. Slik overvintra hytta, men enno stod mykje att.

Breistølshytta (8)

Leif Vik og Leif Magne Vik

Leif Vik og Leif Magne Vik

Glas og dørar vart laga på verkstaden til Johannes Boga, og på holkeføre om etterjulsvinteren «baska» til fjells. Uhandterlige isolasjonspakkar måtte same vegen. Kjøkkeninnreiing vart på dramatisk måte bore over Troppesertre/Galekletten. Seinare på året vart murstein til skorstein og brannmurar køyrt til Håvik og med stordugnad bore frå Kusmette opp Ospebotn til Breistølen. Mykje av innreiingsarbeidet tok Jan Vågen og Jan Boge seg av. Jan Boge murde og skorstein og brannmura. Det som var for lite av murstein og pussesand vart bore frå Hauge. Eit karstykke må kunna nemnast: Ovnane vart borne til fjells av Bjørn Terje Hauge åleine. Han var då berre 16 år. Bord og stolar var laga av Alfred Dalland. Eg trur ikkje at det vart samla inn pengar til bygginga, med basarar o.l. Utan oppfordring, var det personar som gav pengar. Idrettslaget tok og opp eit lite lån i Fusa Sparebank.

Frå venstre: Reidar Helvik, Øyvind Kvåle, Leif Magne Vik, Leif Vik og Olav Vik.

Frå venstre: Reidar Helvik, Øyvind Kvåle, Leif Magne Vik, Leif Vik og Olav Vik.

 

 

Utover hausten 1964 var hytto noko brukt til overnatting. Men første offisielle overnatting var nyttårsafta 1964. Det skjedde med stor ståhei og lite søvn. Etter 50 år er hytto no i betre stand enn då ho var ny. Det skuldast eit svært godt vedlikehald. Mange har teke del det arbeidet. Men utan Jostein Dalland som organisator og pådrivar, er eg redd at hytto no kunne vore til nedfalls.

Etterord ved Leif Vik.

Dette var ei fin tid, med samhald, vennskap og dugnad.

Men ein ting er sikkert: Hadde det ikkje vore for Johannes Kvåle, som tok opptakten til hytta, arbeidde og var ein pådrivar i det meste, hadde nok ikkje Breisstølshytta blitt reist. Eg vil og nemna navnebror min, Leif Magne Vik, som gjorde ein stor innsats.

Jubileum

Laurdag 28. juni 2014 vert det markert at Breistølshytta er 50 år. Me samlast ved hytta til kl. 17:00. Det vert konkurransar, allsong og grilling – ta med grillmat og tilbehøyr (papptallerkar og plastbestikk er det på hytta). Det vert også servering av saft og nykokt kaffi, og sjølvsagt bål-kos. Har du gamle bilete så ta dei gjerne med. Gode historiar frå byggjeperioden, og tida omkring, takast imot med takk. Hytta har begrensa sengeplassar, så ta med telt dersom du vil overnatta. 

Alle er velkomne!