Då krigen kom til Bjørnafjorden?

By | 2014-02-13T16:32:54+00:00 13 februar 2014|Smånytt|

I Bjørnafjords-bassenget kan det i desse dagar observerast fleire både norske og utanlandske marinebåtar.

Ekkoet til maskingeværskot ljomar i Strandvik-alpane for tida, i Bjørnafjords-bassenget kan ein observere kjelda til desse skota.  Fleire norske og utanlandske marinebåtar.

Mest sannsynleg ein internasjonal øving då blant anna båtane HDMS Vaedderen frå Danmark og FGS Magdeburg frå Tyskland, i tillegg til blant anna KNM Thor Heyerdahl, KNM Valyrien og KNM Mjoelner frå Noreg kan observerast.

Ein kan til ein kvar tid følgje med på kva skip som segler i Bjørnafjorden ved å sjå på MarineTraffic.com.

Her er eit blinkskott som Jonas Kvåle har teke av båtane:

Foto: Jonas Kvåle

Foto: Jonas Kvåle