«Drittpappa» med Christer Torjussen

By | 2016-08-26T10:54:44+00:00 26 august 2016|Arrangement|

Strandvik Grendahuslag inviterer laurdag 3. september til showet «Drittpappa» av Christer Torjussen.

Christer Torjussen har 16 år bak seg på den norske standup-scena, og blir rekna som ein stødig veteran i sitt fag. Han har vore med på utallige turnear og kritikerroste show. Torjussen har også fått både Komiprisen for beste standup og fleire andre utmerkingar innan sitt felt.

Showet «Drittpappa» hadde premiere under Humorfestivalen i Stavanger i slutten av mai. Her tek han for seg farsrolla, utfordringane både som foresatt og medmenneske, angsten for å bli sin eigen far og sitt dårlige temperament.

Rustne Herrer spelar opp til dans etter showet.

Billettar er til sals hos Joker Strandvik og Spar Fusa.
Dørene opnar kl. 19:00.

Billettpriser:
Show og dans: kr 450,- / Show: kr 250,- / Dans: kr 250,-