Nok ein vel utførd dugnad

By | 2013-04-29T19:18:59+00:00 29 april 2013|Dugnad|

Det er sikkert mange som har sett tv-reklamen for Felleskjøpet, den kor det aular fram folk med reiskapar og tungt maskineri for ei kvar arbeidsoppgåve. Litt sånn var det i Strandvik laurdag 27. april då den årlege fellesdugnaden gjekk av stabelen.

Bygdautvalet, FAU-skule og barnehage, Idrettslaget og Grendahuslaget samarbeider om denne dugnaden. Arbeidslista for dei ulike områda hang lett synlege, og alle fann noko å gjera. Vêrgudane hadde heldigvis skrudd av krana denne eine dagen, og attpåtil braut sola seg gjennom skydekket.

Den nye barnehagen skulle malast. Aktiviteten var så høg at ein måtte eins ærend til Eikelandsosen for å henta meir maling. Ein skulle tru at det kun var foreldre med barn i barnehagen som hang i veggen, men her var besteforeldre, andre foreldre, ja til og med nokre som ikkje er foreldre. Den formidabel innsats gjorde til at den nye barnehagen i Strandvik vart ferdig malt.

På skuleplassen var det eit yrande liv. Buskar vart klypt og tynna. Ugraset vart slete opp med ein slik entusiasme at ugraset nesten hoppa opp av jorda sjølv. Oppvekstsenteret sin visjon er «Smil for stjerner i vekst» og midt i mellom skulen og barnehagen har elevar laga eit stjerneforma-blomebed. Både krokus, påske- og pinseliljer og tulipanar har lyst imot alle som kjem til Oppvekstsenteret. Etter ein tøff vinter skein ikkje stjerna like mykje i år. Men, etter dugnad på laurdag vil stjerna på nytt lysa mot alle. Rundt Grendahuset sto òg ugraset og skalv, sjølvsagt ikkje utan grunn. Ivrige lukarar gjekk til verks med stor iver her òg. Både store og små gjorde ein flott jobb, og jobben vart gjort med mykje smil og latter.

No når barnehagen står og lyser med ny flott maling, kan ikkje Grendahuset vera noko dårlegare. I år skal Grendahuset malast og på laurdag vart huset klargjort til dette etter alle kunstens reglar. Sjølv om det vert ny barnehage i bygda med tid og stunder, skal dei framleis halde til i Grendahuset ei stund til. Det vart kosta og klypt, og sandkassa vart «snudd-opp-ned» sånn at sanden vart mjuk og samarbeidsvillig for ungane å leika i.

På idrettsbana vart vegetasjonen temma og freista heldt i sjakk. «Buo» vart rydda, og benkar malt. Fotballmål vart skrudd saman til stor glede for alle fotballspelarar. Området er stort, men med så mange positive og ivrige arbeidarar gjekk arbeidet leikande lett. «Handelslagsfjera» fekk òg besøk av ivrige arbeidarar. Her vart det raka, rydda og reinska for allslags vinteren har skylt inn. Rundt parkeringsplassen i bygda vart det klypt og rydda så mykje at det gjekk i to fulle containerar. No lys blomsterbeda opp området, og trappa ned til elva kom til sin rette etter litt kosting og rydding.

Utan mat og drikke, duger som kjend heltane ikkje. Sanitetskvinnene dekka opp på bordtennisbordet på skuleplassen. Kaker frå klassekontaktar, Sanitetskvinnene, Idrettslaget og Grendahuslaget gjorde godt for store og små. Kaffi og saft gav nye krefter til ei siste arbeidsøkt.

Ein stor takk til alle som kom. No kan bygda ta imot konfirmasjonsgjestar og 17. mai med glede.