Filmomtale: «Fusavideoen»

By | 2013-07-31T14:02:18+00:00 31 juli 2013|Ymse|

For å promotere Fusa kommune for «utlendingar» frå meir eller mindre eksotiske strøk som Bergen, har Fusa utviklingsselskap i samarbeid med Fusa kommune og Fusa næringslivslag finansiert ein kort video kalla «Fusavideoen».

– Trykk her for å sjå «Fusavideoen» –

Då underteikna observerte lenkja til «Fusavideoen» på Andletebokjo var forventningane høge. Ein video om kommunen finansiert av dette trekløveret må lova bra. Endå betre vart det då dei fyrste sekunda synte Strandvik i all sin prakt! Det vart heller ikkje dårlegare med skjermtid for bygda ettersom både Strandvik Open og Strandvikløpet vart presentert her. Men der stoppar begeistringa mi.

Videoen ligg for tida på nettstaden YouTube. For å få eit skarpt og klart bilete må ein vera nøye med kva filtype og format ein lastar videoar opp med. Det uskarpe bilete i «Fusavideoen» ber preg av at dette ikkje vart gjort.

Råfilmmaterialet er rotete og urutinert klypt saman. Den må tydeligvis har vert avgrensa, for ein del klypp blir nytta om igjen. Dessutan er det lite samanheng i manuset. Den flate og monotone forteljarstemma prøver å få kommunen til å høyres interessant ut, men klarar ikkje å engasjere.

Underteikna saknar også å sjå fleire deler av kommunen. Kvar er det blitt av Øvre Hålandsdalen, Lygrepollen og Baldersheim for å nemne nokre stadar? «Betong, asfalt og grus»-fyllinga som vert kalla Eikelandsosen får me sjå opptil fleire gongar. Eller eit næringsliv der verken Leigland Bygg eller Strandvik Transport og Maskin vert nemnd? Heller ikkje utanombygds verksemder som Agnar Skåtun, H.I. Berge Transport, Fusa Mekaniske Industri, røyrspesialistar og fleire entrepenørar vert synte fram. Det heile ballar nesten på seg til ein klisjé på lik linje med ein drøss andre slike videoar der kvalitetskontrollen er hoppa over. Dermed vert, kanskje ubevisst, også sanninga av og til strekt litt for langt, for når vart det bestemt at ein har valt indre trasé for E39?

Kva trekløveret bak finansieringa tenkte på når dei fekk laga denne videoen er ukjend. Fusa kommune er flott som få og har eit enormt potensiale. Det same potensiale kunne videoen ha hatt. Selskapet som vart hyra inn for å laga «Fusavideoen» gjorde utan tvil det dei fekk betalt for, og dermed vart dette potensialet kasta vekk. Er det ikkje ein skam at eit selskap frå tidligare nemnde storby vert hyra inn når kommunen har fleire kompetente talent? Me har attpåtil nokre som gong på gong har vist sine ferdigheiter på nasjonalt nivå i UKM! Om desse hadde vert hyrt inn til å laga videoen hadde dei lagt sjela si i arbeidet, og forhindra eit keisamt gjennomsnittleg resultat.

Om nokon er ueinige eller har andre meiningar om videoen vil eg minne om at kommentarfeltet nedanfor er ope for alle til å ytre meiningane sine.

Terningkast 3


Her vert det gjeve terningkast 3 på bakgrunn av at dette er ein midt på 3 film der det positive initiativet diverre ikkje kom lengre enn eit halvgjort resultat.