På YouTube, eit samlingspunkt for videoar av ymse slag, finn me no òg ein artig, informativ og profesjonelt-laga video av ein gjeng Strandvikingar som vert geleida over den gamle postvegen til Fusa av ein Australiar.

Underteikna har fått høyre at videoen kan vera starten på noko større. Difor har me teke kontakt med David Hadley for å høyra kva som ligg bak.

David hadde jobba tre år i Vietnam då Margrete Helle frå Strandvik reiste gjennom Ho Chi Minh City som ryggsekkturist. Dei møttest i ein bar, og kvar helg etter dette flaug David opp til kvar ein plass «Maggie» var hamna på sin tur gjennom Vietnam. På deira siste helg saman inviterte «Maggie» David til å sykle i Frankrike til sommaren. Det eine førde til det andre, og sidan sommaren 2013 er dei som rette ektefolk å rekna.

David og Margrete i Frankrike

David og Margrete i Praha

David elskar å sykle. Heime i Australia nyttar han sykkel til jobb kvar dag. For tida er han og kona i Skottland der dei er på deira tredje sykkeltur i Europa. Dei vona å sjå «Nessie» medan dei sykla langs Loch Ness, og elles var den 100 km. lange turen mellom Glasgow og Edinburgh langs det skotske kanal-systemet eit av høgdepunkta. Slike sykkelturar er det beste han veit å gjere her i livet. «Ingenting er betre enn å ha alt ein eig bakpå sykkelen og leggja i veg, utan å vite kvar ein ender opp for natta».

David har lenge hatt lyst til å ha sitt eige sykkel-program, enten på den verdsvide veven eller på TV. Han ynskjer å framstille sykling som morosam og enkel, slik det vart gjort i den fyrste videoen der dei syklar Postvegen frå Strandvik til Fusa. «Om eg berre klarar å oppfordrar ein person til å begynne å sykle, så har eg lykkast». Han har utarbeida ti episodar for den fyrste serien. Kvar episode vil ha tre til fire segment samansett av nokre av desse emna: profilering av sykkelturar og -stiar, gjer-det-sjølv rettleiingar, testar og presentasjon av syklar og duppedingser, intervju av kjende syklistar og andre sykkel relaterte personar og organisasjonar, lærerike innslag som for eksempel fysiske og miljømessige fordelar med sykling og mykje meir.

«Nokre gonger kan me våge å drøyme» seier David. For tida prøver han å gjere draumen sin til røyndom. Han har lufta ideen med nokre transportorganisasjonar. Dessutan tek han sikte på å finansiere prosjektet gjennom ei folkefinansieringvevside (crowdfunding) som for eksempel kickstarter.com.

Som nemnd ligg videoen på YouTube og kan sjåast ved å trykkje her. I videoen følgjer me Kim André Jørgensen, søskena Huldeborg Elin og Margrete Mjøs Helle som vert geleida over «fjellet» på sykkelsetet av David Hadley. Sverre Nistad Kvamme har ført kameraet med stø hand og redigert videoen. I ei lita birolle ser me også Knut Olai Mjøs Helle i ei utmerka framstilling av ei barmfager møy.