Full klaff i UKM

By | 2014-01-28T16:37:43+00:00 28 januar 2014|Arrangement, Kunst og kultur, Nyhende|

Strandvik er ei bygd som huser fleire kunstnarar, noko som tydeleg har smitta over på ungdomane. Under den lokale UKM-festivalen som kommunane Os og Fusa skipa til sundag 26. januar i Oseana Kunst og Kultursenter fekk me prov for dette. Ikkje mindre enn 3 av dei 4 som gjekk vidare frå Fusa, er frå Strandvik. Det vil seie at alle som var påmeld frå Strandvik gjekk vidare.

Faktisk ein reprise frå i fjor, då også begge påmelde frå Strandvik gjekk vidare (faktisk heile vegen til landsfinalen).

Her ei sitert forklaring på kva UKM er:

UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er mange små lokale festivaler hvor ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Hver kommune sender kvalifiserte ungdommer videre til en fylkesmønstring som representanter for sin kommune. Hvert fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakere til den nasjonale UKM-festivalen.

UKM.no

Her er dei som gjekk vidare:

Jonas Kvåle

Jonas Kvåle«Standing Still» er eit band innan pop- og rock-sjangeren. Forutan eikelandsfjordingane Dag Tore Markhus, Helene Riise og Joachim Brekke Tveit finn me her den dyktige trommisen og strandviking Jonas Kvåle. At Jonas er ein virtuos på trommer kan underteikna som nabo skrive under på. Husveggane på Raudvoll klarar ikkje å halde igjen dei livlege rytmane denne sekstenåringen produserer, og med eit snev av austavind kan eg til og med bekrefte at dei velretta slaga mot cymbalen sitt som eit skot. Gruppa gjekk vidare til fylkesmønstringa med deira eigenproduserte låtar «I Won’t Give Up» og «I Know You Can’t See».

Natasja Smørholm

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy (Midtsiden.no)

Den talentfulle Natasja har vore med på UKM fleire gongar. I fjor som i år vart tolvåringen ein av dei som gjekk vidare til fylkesmønstringa. Og som tidligare nemnd vart ho i fjor imponerande nok òg ein av 9 frå Hordaland som gjekk heile vegen vidare til landsmønstringa. Natasja, som tilfeldigvis bur på Raudvoll ho òg, stilte med dei to eigenkomponerte poplåtane «In love» og «Feeling good». Med si flotte stemme og gitarspel gjekk også ungjenta vidare til fylkesmønstringa.

Bo Mathys

Bo Matheys

For ikkje så lenge sidan hadde me eit portrett med den unge fotokunstnar Bo Mathys. Belgiaren som har gjort strandviking av seg, stilte på mønstring med dei svært imponerande bileta han kallar «The Door To The Fjord» og «Let´s Rock». Bilete du ser nedanfor, «The Door To The Fjord», var det som sikra trettenåringen ein plass på fylkesmønstringa. Det er iallfall ingenting å utsetje på kreativiteten til den ungen herren frå Store Vik, og eit slikt imponerande verk er ikkje tvil i at bør sendast vidare.

DSC_0145.jpg

Tre imponerande ungdomar. Det er dei vel unt og me ynskjer dei lykke til på fylkesmønstringa som vart halde i Grieghallen helga 5. og 6. april. Det vert spennande å sjå om samtlege tar seg vidare til landsmønstringa!