«Hermetikken» – del 1 av 2

By | 2013-05-11T08:50:58+00:00 20 april 2013|Historie|

Strandvik har på grunn av si beliggenheit og topografi i lang tid vore ei jordbruksbygd. Fruktbar jord og nøysame bønder som ikkje berre stod bøygd over reiskapen dagen lang, men som også hadde visjonar om korleis ein skulle nytte avkastinga jorda gav. Bjørnafjorden var også rik på fisk, noko som gav hushaldet tilgang på næringsrik mat.

Naturen gav til tider rikeleg tilbake til dei som både sådde og fiska her til lands. Dette gav ein overflod av god og nyttig mat. Dette var før fryseteknikken var fullt utvikla, men hermetikkindustrien var komen godt i gang og hermetiserings-teknikkar utvikla seg hurtig. Stavanger var blitt ein hermetikkindustriby av dimensjonar. Hermetikkføretak med Christian Bjelland i front tente gode pengar då fyrste verdskrig starta. Haldbar mat vart mangelvare i dei krigførande landa. Etterspurnad på hermetikk var stor både i Europa og av fleire grunnar også i USA. Christian Bjelland hadde i tida før fyrste verdskrig satsa på Sverige, Storbritannia og USA, så for han vart desse landa ein naturleg handelspartnar då fyrste verdskrigen braut ut.

Fram til denne tida hadde det skjedd mykje innafor hermetisering ute i verda. Tidleg på 1800-talet fann franskmannen Nicolas Appert ut at ein kunne preservere mange mat-varer med å koke dei i glas. I 1810 vart det tatt ut patent på å koke matvarer i lufttette blekkbehaldarar. I Noreg hadde ein starta å hermetisere mat rundt 1841. Den norske seglskipsflåten hadde behov for anna proviant enn salta mat på lange reiser. Lenge var derfor «Oxekjød med suppe» hovudartikkelen for hermetikkfabrikkane. Han som starta det heile i 1841 var Christian August Thorne.

Den fyrste hermetikkfabrikken i nærområdet vårt vart starta av Hagtor Thorsen på Sunde. Denne fabrikken vart seinare kjøpt opp av Chr. Bjelland & Co A/S som Fabrikk nr. 11. Undervisning i hermetikkfaget vart satt i system så tidleg som i 1893 i Bergen, med avdeling i Stavanger og seinare i Bodø.

På fyrste generasjon øskje vart loket lodda til øskja. Arbeidet vart utførd av profesjonelle loddarar, eller blekkslagerar som reiste rundt på dei forskjellige fabrikkane og utførde arbeidet. Det var også ei utfordring i å opne øskjene. Spesielle knivar til «Aabning av sardindåser» vart produsert her til lands. Det vart også sagt at den beste måten å opne ei sardinøskje på var «å nytte hamar og kniv».

I 1899 kjøpte Chr. Bjelland & Co A/S ei maskin for «sardineskesarier» frå ein av Stavangers «mekanikusser». I 1900 gjekk Chr. Bjelland & Co A/S til innkjøp av 2 patenterte falsemaskiner frå Mekanikus Søren Opsal. I 1903 kjøpte han eit patent på den såkalla svekkingslina på øskjeloket og det nødvendige verktyet. I 1902 vart ei laus tunge lodda til loket. I 1905 vart eit lokk med «fast tunge» patentert, den såkalla «Bjellandshempen» (patent nr. 15162). Desse lokka var laga for «urunde øskjer».

Ei viktig maskin som vart konstruert, var Henrik Jørgen Reinerts falsemaskin frå 1905. Denne maskina vart umiddelbart ein suksess både i Noreg og i utlandet. Etter kvart vart maskiner som stansa ut øskjer og lokk vidareutvikla og forbetra. Dette var store tunge maskiner som kravde mykje energi.

I produksjonen av sardin er det brisling som er råstoffet. Produksjonsprosessen innafor hermetikkindustrien generelt, og brislingproduksjonen spesielt, var arbeidskrevjande. Den spesielle framstillingsmåten for norsk sardin, salting i lake og røyking, gjorde produktet populært langt utover landets grenser.

Treding

Treding
(Trykk for å forstørre bilete, gjeld alle nedanfor òg.)

Fyrst vart brislingen lagt i ein saltlake, for så å bli tredd inn på teinar som så vart hengd i ei treramme. Ei ramme inneheldt om lag 660 fisk, 22 brislingar på 30 teinar, som i gjennomsnitt gjev omtrent 25 øskjer. Er brislingen av god kvalitet vert svinnet mindre og utbyttet godt, meir enn 25 øskjer per ramme.

Tredinga var ganske arbeidskrevjande. Råstoffet vart plassert på tredebord der det vart tredd ned i eit todelt apparat som var hengsla saman. I endane av apparatet var det to hol der teinane vart tredd inn alt etter storleiken på råstoffet. Teinane måtte treffe auga på brislingen elles ville han detta av teina under røykinga. Den som tredde måtte difor sortere fisken slik at den var mest mogeleg jamn før den vart hengd på teina. Fall det fisk av teinane under røykinga vart utbytte dårlegare. Det vart forska mykje på å utvikla ei tredemaskin, men dei fyrste kom ikkje i bruk før etter andre verdskrig.

Tredemaskin

Tredemaskin

Brislingen var hengd opp i ramma og plassert i ein røykomn. Det vart brukt eikeved til røykinga. Etter røyking vart ramma førd inn i eit klyppeapparat der hovudet vart kappa av fisken. Denne operasjonen vart gjort av anten eit skjereband eller ein roterande kniv. Før dette apparatet vart funne opp vart hovudet, og av og til sporen, klypt av for hand og med saks. Etter dette vart brislingen sendt til ein sal der han vart lagt i øskja. Det var stort sett berre kvinner som utførde arbeidet for hand. Når leggjinga var utførd gjekk øskjene til ei maskin som fylde på olivenolje.

Dersom produktet var norsk småsild (mussa) vart det brukt sildolje i staden for olivenolje. Tomatsaus vart også brukt i staden for olje. Denne varianten kom godt med om det av ymse grunnar var gått hol på buken. Kvaliteten på produktet var god, men i dette tilfellet hadde det visuelle litt å seia.

Deretter vart loket falsa på øskja, og det var klart for hermetisering/sterilisering. Øskjene gjekk frå falsemaskina og vart stua i ei korg på hjul. Når korga var full, vart ho køyrd inn i ein stor kjele der øskjene vart kokt/sterilisert. Etter koking måtte øskjene bli kjølte før pakking. Ein kunne ikkje nytte kaldt vatn til avkjøling då desse øskjene var laga av blekk (stål/jern). Temperaturskilnaden kunne forårsake lekkasje i falsen. Då ein fekk overtrykkskjele som verka mest som ein trykkokar, kunne ein nytte aluminiumsøskjer og kjøle desse hurtig etter koking. Det var kombinasjon av trykk og varme som steriliserte råstoffet i øskjene.

Vaskemaskin

Vaskemaskin

Etter dette stod det igjen vasking og merking med etikettar. Produktet var dermed klart til å sendast til kundar over heile verda.

Eit anna sildeprodukt som vart produsert var kippers, ei norsk vintersild. Ettersom ho var vesentleg større enn brislingen, vart ho filetert, laka og røykt og deretter hermetisert i passande øskjer. Mjølke (sæd frå hansilda) var også eit produkt som vart lagt i øksje og hermetisert. Etter andre verdskrig var det eit populært og næringsrikt mattilskot. Storbritannia var storforbrukar av dette produktet.

I Strandvik der tilgangen på både kjøt, fisk, sild og brisling var god, låg alt til rette for å kunne investera i noko som ville gi innkome både til investorar og arbeid til dei som ville tene seg ein slant. I tillegg til råvarer var tilgangen på pengar også god. Dei aukande fortenestane i landet var i hovudsak ein konsekvens av konjunkturane under fyrste verdskrigen. Då krigen braut ut i 1914, førde dette straks til sterk etterspurnad etter varar og tenester. Prisane auka, og på dei seks åra frå 1914 – 1920 vart prisnivået (engrosprisindeksen) firedobla.

Etterspurnaden i utlandet etter norske varar dreiv elles verdien på krona opp jamført med Britisk pund og Amerikansk dollar. Utanlandsk valuta strøymde inn, ikkje minst gjennom handelsflåten som hadde eventyrlege tider. Pengeflaumen vart særs merkbar då det var lite å kjøpa. Krigen skapte etter kvart importrestriksjonar og varemangel, og dette verka dempande på det private forbruket. Pengane hopa seg opp i bankane. Det seier seg sjølv at folk med initiativ og visjonar ynskja å gjere noko med dette.

Sjøblomsten

Sjøblomsten

I Ådnavikjo var det plass til eit fabrikkbygg der ein kunne byggje høveleg kaianlegg for fraktebåtar. Det kunne vere båtar som skulle levere råstoff, eller båtar som tok med seg det ferdige produktet til stadar der det var etterspurnad etter det. Mest sannsynleg hadde det vore slipp og båtbyggjeri der fabrikken vart sett opp. Provet på det fann ein i eit monter utanfor Havnekontoret i Molde i år 2000. Der var ein modell av segljakta «Sjøblomsten» avbilda. Båten var bygd på Hauge gard i Strandvik står det å lesa. Men ho var nok ikkje bygd på sjølve tunet på garden Hauge då ho var nærare 70 fot lang og stakk nærare 8 fot djupt. Ådnavikjo var ganske så sikkert staden ho vart bygd. At det var folk med initiativ og optimisme på Hauge kan ein ikkje stikka under ein stol. Dei eigde og ein av butikkane i Strandvik.

 

Hermetikkfabrikken i Strandvik var Bjelland-fabrikk nr. 19. Arbeidarbustader bak. (Foto: Widerøe)

Hermetikkfabrikken i Strandvik var Bjelland-fabrikk nr. 19. Arbeidarbustader bak. (Foto: Widerøe)

I 1917 stod eit fabrikkbygg i tre høgder klar til bruk for dei som var viljuge til å satse på eit industrieventyr. Bygget vart noko seinare forlenga, det var etter at Chr. Bjelland & Co A/S overtok fabrikken. Alt låg til rette for at dette skulle verte ein suksess. Andre plassar i Noreg hadde dei lukkast, så kvifor ikkje i Strandvik?

Hermetikkfabrikken «BERGEN» vart skipa. Bygdefolk gjekk i lag og kjøpte aksjar i fabrikken. Som garanti for lån og driftskapital vart gard og grunn sett i pant. For dei som på desse tider verkeleg var grynderar fekk det alvorlege konsekvensar.

Her lar eg teksten hengje litt i lufta slik at lesarane kan få «fordøye» informasjonen.
Andre og siste del om «Hermetikken» i Strandvik kan du lese ved å trykkje på denne lenkja.

Karl Gustav Opsahl
Strandvik, mars 2013.

God hjelp har vore:
O. B. Skaathun: «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik» – Band I og III. — Carl Fred. Kolderup: «Chr. Bjelland & Co A/S, 1882 – 1982» — Nils Kolle: «Fusa Sparebank 125 år» — Ella Marie Brekke Vangsnes: «Heilt andre tider, Fusa 1900 – 2000» – Band I — Piers Crocker, Norsk Hermetikkmuseum, Stavanger. — Ola Hauge — Sigmund Leigland — Sigurd Austestad — Reidar Djupvik — Lars Håvik — Ansgar Tveit — Jorun Haga — Norvald Legland — Magne Tuft – Hans J. Berge — Eva Sagstad — Bjørg og Johannes Kvåle