Dette er andre og siste del av artikkelen om «Hermetikken» i Strandvik av Karl Gustav Opsahl.
Fyrste del av den lokalhistoriske artikkelen kan du lese ved å trykkje på denne lenkja.


I det fyrste styret til Hermetikkfabrikken «BERGEN» i Strandvik satt Torbjørn Stensen Hauge som formann, Hans S. Eikeland som disponent og Ole Andreas Rasmussen. Torbjørn Stensen Hauge var frå Hauge i Strandvik. Hans S. Eikeland var frå Eikelandsosen og far til brørne som dreiv Brødrene Eikeland handel i Eikelandsosen. Ole Andreas Rasmussen kom frå Stavanger til Eikelandsosen der han arbeide på hermetikkfabrikken «Bjørgvin» før han kom til Strandvik.

Frå 1917 til 1918 var Hans S. Eikeland disponent på «Hermetikken». Det er noko usikkert kva slags hermetikk som vart produsert dei fyrste åra. Men ein tente pengar på fabrikken. I jubileumsboka til Fusa Sparebank, «Fusa sparebank gjennom 125 år, 1858-1983» skrive av Nils Kolle, blir det referert frå Hordaland Folkeblad 24/8 – 1923:

«So lenge dei putla med ein bonde som disponent, så gjekk det på ein måte rette vegen. Men så skulle der køyrast storkar maatru. Ein flott byherre vart tilsett som disponent, og med gage (løn) umlag som ein bisp. No skulle der drivast hardt, gammle kyr, halvroten sei, alt skulle gå i tyskaren og pengar skulle tenast. Ein offiser vart valgt til styreformann, bankkasseraren (i filialen) vart revisor. No skulle bøndena verta rike! Men nautakjøt og seikakor som sendes til Tyskland, spurdes ikkje meir, og sumt av lageret maatte søkjast ned bak Steglholmen.»

Det er alltid lett å sjå kva som gjekk galt i ettertid, men godt var det at «Jantelova» ikkje var laga nett då, eller… Men tilbake til «Hermetikken», det verkar som om han produserte «Oxekjød med suppe» og seikaker dei fyrste åra, gamle kyr og halvroten sei.

Frå 1918 til 1921 var Eivind Ursin Smith frå Stavanger disponent. I 1921 vart produksjonen mellombels stogga av Fusa Sparebank. Grunnen var nok den at prisane på hermetikk og andre varar fall drastisk etter krigen. Samstundes synte det seg at ein tysk kommisjonær som hadde motteke varar frå «Hermetikken», ikkje kunne betale. Banken sette då ned foten, han ville ikkje låna ut meir pengar til føretaket. Hausten 1921 byrja ein prosess der aksjonærane sende eit brev der det heitte at fabrikken ikkje lenger kunne halda fram med drifta. Dei ville gjerne ha i stand ei minneleg ordning med banken.

Frå 1922 til tidleg vinteren 1923 drifta disponent Knoph frå Bergen fabrikken. Men utpå vinteren 1923 var det stopp. Aksjonærane og banken kom fram til ei minneleg ordning sjølv om det gjekk skikkeleg hardt ut over nokre gardbrukarar som tok initiativ til industrieventyret. For bygda og kommunen elles vart «Hermetikken» ei god inntektskjelde i fleire tiår etter at Chr. Bjelland & Co A/S tok over fabrikken.

Rett etter stansen i 1923 vedtok banken at fabrikken skulle seljast. Ny eigar vart Edvart Tvedt frå Holmefjord i Fusa. Prisen vart sett til NOK 45 000,-. Edvart Tvedt dreiv på desse tider stort innafor sildesalting der han saman med bror sin Johannes, tente gode pengar både under og etter fyrste verdskrig. Same året selde Edvart Tvedt fabrikken til Chr. Bjelland & Co A/S. I Strandvik tok aksjeeigarane opp lån på til saman NOK 185 000,- dei fem åra dei dreiv fabrikken. Prisen banken fekk for fabrikken tilsvara om lag dei låna som var gjeven mot pant i eigedomen. Fusa Sparebank satt att med eit tap på om lag NOK 130 000,-.

I 1923 kjøpte Chr. Bjelland & Co A/S fire fallerte anlegg. I Alverstraumen var riktig nok fabrikken brent ned, men tomta vart kjøpt. Dei neste var Eikelandsosen, Strandvik og Herøysund. Firmaet var ikkje råka så hardt etter krigen som mange andre var.

Ut ifrå artikkelen som stod å lese i Hordaland Folkeblad frå 1923, og munnlege historiar mellom anna frå far min, Finn Opsahl, var hermetisert kjøt og hermetiserte fiskekaker produkt som frå starten vart fabrikkert av Hermetikkfabrikken «BERGEN», Strandvik. Om ein lodda eller falsa lokk på boksane skal vere usagt. Mest sannsynleg vart loket falsa til boksen. Falsemaskina var tatt i bruk i Stavanger kring 1900.

Å drifte ein fabrikk på desse tider var også ei utfordring då det ikkje fanst noko energiverk eller kraftlag som leverte straum til bygda. Til oppvarming og koking vart det nytta vatn som vart varma opp i ein kolfyrt kjele. Mest sannsynleg vart maskinane drivne av lange akslingar med påmonterte hjul der det gjekk reimer ned til dei einskilde maskinane. Utvekslinga vart bestemd av diameteren på hjula. Akslingane var montert under taket. Dette systemet vart nytta på maskinane som stansa ut øskjene heilt til dei stogga denne produksjonen på «Hermetikken» i Strandvik. Om det var dampmotorar eller diesel/semidieselmotorar som dreiv akslingane skal vere usagt. Når det var mørkt, var det nok oljelampar som var ljoskjelda.

Far min var om lag 12 år då han byrja å arbeide på hermetikken til Chr. Bjelland & Co A/S i Alverstraumen. Dette var i 1925. Han ånda og levde for firmaet Chr. Bjelland & Co A/S. Der byrja han i arbeidslivet, og i det firmaet arbeidde han livet ut. At han fanga opp mykje informasjon om alt som rørte seg i konsernet er sikkert.

Ansatte i 1925

Ansatte i 1925 (Trykk for å forstørre)

Då Chr. Bjelland & Co A/S tok over og starta med sardinproduksjon i 1923 – 1924, vart loket falsa til øskja. Far min fortalde at slik vart det gjort i «Straumen» (Alverstraumen), for lodding var ein mykje for dyr og umoderne produksjonsmetode. Det er ikkje tvil om at same produksjonsmetode vart nytta i Strandvik som i Alverstraumen.

Den fyrste disponenten ved «Hermetikken» i Strandvik, Chr. Bjelland & Co A/S sin Fabrikk nr. 19, var Ole Andreas Rasmussen. Han arbeidde der til 1939. Det vart sagt, også av far min, at Ole Andreas Rasmussen var den som kom på idéen om hempa på sardinloket. Dette er ikkje offentleg stadfesta. Ifylgje Jørg Hviding, i hans artikkel «Kappløpet om falsemaskinen» s. 92, i Stavanger Museum Årbok nr. 104 (1994) står det:

«Disponent, driftsbestyrer og verksmester (hos Stavanger «Blikemballagefabrik») var henholdsvis Henrik Finne, Paul Scholz og H. Abel Lunde. I 1902 fikk de patent på en åpningsanordning, som med en iloddet hempe og svekk på lokket, gjorde det mulig å åpne falset boks med vanlig hermetikknøkkel, Pat. nr. 11773.»

I 1905 vart loket omkonstruert med svekkingsline og hempe i ein del. Chr. Bjelland & Co A/S kjøpte rettigheitane til loket. Dette loket kan no falsast til øskja og vart kalla «Bjellandshempen» (patent nr. 15162). Patentskrifta inneheld inga opplysing om kven som er oppfinnar. T. Fjermestad, som i sin tid var direktør for Brislingcentralen, fortel i ein artikkel i Rogaland Fylkesleksikon om «Hermetikkindustrien i Rogaland», at Ole Andreas Rasmussen fann opp den «faste hempa» ved Chr. Bjelland & Co A/S sin fabrikk «Møller» i Stavanger. Dette underbyggjast vidare av ein omtale i Stavanger Aftenblad 7. februar 1925 i høve hans 50-årsdag. Barnebarn av Rasmussen fortel det same. Ifylgje eit av barnebarna vart det sagt at bestefaren fekk eit mindre beløp og ein sylvskjei eller sylvfat for oppfinninga. 

I den nye allmennsoge for Fusa «Heilt andre tider. Fusa 1900-2000» av Ella Marie Brekke Vangsnes finst eit gruppebilete frå 1925 av alle arbeidarane og sjefar ved «Hermetikken» i Strandvik. På det biletet finn ein også dåverande disponent Ole Andreas Rasmussen, sonen Alf som seinare vart disponent og dottera Alice. Kan hende er bilete teke i høve Ole Andreas Rasmussens 50-årsdag. I «Tidsskrift for hermetikkindustri» frå 1917, blir det referert til det fyrste styret av «Hermetikkfabrikken BERGEN». Der står mellom anna A. Rasmussen nemnt som medlem. På gruppebiletet til «Hermetikken» frå 1925 står det også A. Rasmussen. Men ifylgje barnebarnet til denne personen heite han Ole Andreas Rasmussen, gift med Gine Amanda. I bygdeboka «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik» – bind III» vert dei kalla Amanda og Andreas Rasmussen. Ole Andreas kom frå øya Ombo i Boknfjorden.

Klyppemaskin

Klyppemaskin

Då Chr. Bjelland & Co A/S starta opp i Strandvik kom all emballasje frå Stavanger. Dette gjaldt både øskjer og lokk av blekk og pappkartongar som vart brukt til å pakke sardinøskjene i, før dei vart sende til etikettering i Stavanger. Det som var av moderne utstyr, var nok berre falsemaskina, klyppemaskina og oljemaskina. I starten var dei to sistnemnde ganske så enkle. Her måtte ein føre øskjene som låg på eit brett i to radar, med fem øskjer i kvar rad, inn under oljeapparatet. Der vart ein hendel pressa ned av brettet, og eit deksel med pakning opna seg så det kom ein sprut med riktig mengde olje ned i kvar einskild øskje.

Det trongst straum til desse maskinene. Etter damp-/dieseldrifta kom straumen frå ein god gamal MWM dieselmotor på om lag 50 HK. Han var bygd i Tyskland av Motorenwerke Mannheim, og hadde dei same dimensjonane som ein 500 HK motor har i dag.

Tredesal

Tredesal

Ettersom hermetikkindustrien var basert på sesongdrift, på grunn av tilførselen av råstoff, passa det godt at sesongen var då skulen hadde sommarferie. Tilgangen på arbeidskraft var stor, og det var mong ein ungdom som tente pengar til fyrste klokka si eller andre ting dei ynskte seg. Noko gjekk nok til felleshushaldet. Sidan tilgangen på arbeidskraft var god i sesongen, stagnerte nok moderniseringa av utstyr på fabrikken i Strandvik. I Stavanger der det derimot vart større etterspurnad på arbeidskraft, måtte ein søkje nye løysingar. Det var der utviklinga av maskinelt utstyr skjedde. I Strandvik skulle det enda gå mange år før elektrisiteten kom til bygda. Dette var også ein av grunnane til at den tekniske utviklinga stagnerte her.

Moderne leggehall

Moderne leggehall

Tilgangen på vatn var til tider eit problem. Bassenget i Hådlakleivo var avhengig av regn. Men då etterspurnaden etter norsk brisling var stor både heime og ute i verda, var det framleis lønsamt å drive på same vis i 1939 som i 1923.

I 1939 overtok Alf Rasmussen som disponent etter faren. Han leia «Hermetikken» stort sett på same viset som faren. Det var ei utfordring då andre verdskrig byrja i 1940. Sjølv om leiinga i konsernet hadde vore framsynte og gjort store innkjøp av så vel olivenolje som blekk hadde dei ikkje sett for seg ein krig som varte i heile fem år. I Strandvik merka ein kanskje ikkje så mykje til dette då olivenolja etter kvart vart bytta ut med norsk sildolje. Tomatpuréen som vart nytta til brisling i tomat, kom hermetisert til landet og stod seg lengje.

Noreg var okkupert av tyskarane, og dei hadde bruk for hermetikk i dei variantane som fanst. Difor var det ikkje problem med avsetnaden. Det var sjølvsagt lite leiinga av konsernet kunne gjera med krigen. Okkupasjonen var noko eigarane hadde lita sans for. Det synte seg også då både Christian Wilhelm Bjelland og faren Ragnvald Bjelland hamna i tysk fangenskap på Grini. Ragnvald Bjelland vart likevel ikkje sitjande så lengje då han vart sjuk og vart sendt heim etter eit halvt år. Eg er blitt fortald av ein som vart konfirmert på desse tider, og som arbeide på «Hermetikken», at fabrikken var ute av drift i eit års tid. Det hende i 1940 – 1941. Det var vel nokre uoversiktlege tider nett då. Norvald Legland kunne fortelja at betalinga rett før krigen var 12 1/2 øre for råma. Timeløna var 25 øre for ungdomane. Ein av falsarane, Alfred Frydenlund, hadde ei timeløn på 50 øre. Dette var i 1938 – 1939. Norvald kunne fortelja at han både tredde sild og la lokk på øskjene. Johannes Kvåle hugsa dei fekk 13 ½ øre råma i 1945 – 1946.

Det året fabrikken ikkje produserte hermetikk starta Alf Rasmussen ei utbygging av kaiområdet. Stein vart skoten ut der «spisebrakka» står i dag. Arbeidet vart utførd av Anton Johs. Legland (Stegen) og Karl Westvik. «Spisebrakka» vart bygd og stod ferdig i 1943.

I 1947 slutta Alf Rasmussen som disponent, og han som overtok etter Rasmussen var Harald Samnøy som kom frå Sunde. Han var son til Engel Johan Samnøy som var råstoff- og fordelingssjefen i konsernet Chr. Bjelland & Co A/S. Som namnet seier kom han frå Fusa, født på Bogøy i 1890, men budde på Sunde. Sonen Harald Samnøy, hadde under heile krigen reist som maskinist i utanriksfart. Det som var av maskiner i fabrikken var gamalt og ganske nedslite. Harald Samnøy hadde den kunnskapen som skulle til for å overhale gamalt utstyr. Det nye som kom til Strandvik var utstyr som ikkje lenger skulle brukast i Stavanger. Konsernet sparte pengar på det. I 1948, etter to år som disponent ved «Hermetikken» i Strandvik, vende Harald Samnøy tilbake til Sunde, då var familien auka til tre.

Unge ingeniør Einar Vik bygger trapp til heimen.

Unge ingeniør Einar Vik bygger trapp til heimen.

Tidleg på året i 1949 vart Gerhard Helvik ny disponent ved «Hermetikken» i Strandvik. Han hadde med seg sonen Karstein som var ein dyktig maskinist. Karstein var også formann fram til 1958. På desse tider var «boligbrakka» under arbeid. Den stod ferdig rundt 1950. Denne brakka vart også nytta som bustad for tilsette. Materialen som vart nytta kom frå demonterte tyskarbrakker.

1953 vart eit merkeår i Strandvik. Då fekk «Hermetikken» innlagd straum frå «Strandvik, Fusa & Hålandsdalen Kraftlag». Det som vart kalla «spisebrakka» var bygd. I kjellaren vart det installert to store og ei litt mindre stansemaskin. Då starta dei utstansing av sardinøskjer i Strandvik. Etter at den elektriske krafta var komen til bygda, hadde dei energi nok til å driva både stansemaskinene og dei andre elektrisk drivne installasjonane. I andre høgda på «spisebrakka» var det eigne matsalar. Tidlegare måtte ein finna seg ein høveleg plass i produksjonslokala når det var matpause.

«Spisebrakka»

«Spisebrakka»

Tredemaskina var no under utvikling, den fyrste vart lansert i 1952, men i Strandvik var det ustabil tilgang på vatn. Det var nok ei av grunnane til at det gjekk enda nokre år før ho kom til Strandvik.

Finn Opsahl vart styrar på «Hermetikken» i Strandvik i 1957. Han var frå Alverstraumen der Chr. Bjelland & Co A/S hadde kjøpt ei tomt i 1923. Her bygde konsernet ein ny hermetikkfabrikk (Fabrikk nr. 16) der Finn Opsahl byrja sin arbeidskarriere. I 1934 bygde konsernet ein ny hermetikkfabrikk i Harstad, og dei fyrste åra vart leiinga henta frå Alverstraumen. Disponent Gustav Klock og formann Finn Opsahl var dei som starta opp drifta ved Fabrikk nr. 14 i Harstad. På desse tider var det sesongproduksjon til ulike årstider både i Alverstraumen og i Harstad, difor var det mogeleg å ha same leiinga båe stadar. Dette endra seg i 1940 då andre verdskrig braut ut. Då ville ikkje konsernleiinga risikera at liv gjekk tapt med å senda leiinga i Alverstraumen med hurtigruta til Harstad. Finn Opsahl vart då Harstadværing fram til 1957 då fire av familiens fem medlemmer flytta til Strandvik.

Trongt om plassen

Trongt om plassen

Dei fyrste åra i Strandvik hadde styraren god hjelp av Karstein Helvik som var formann fram til 1958. Etter han vart Sigurd Austestad frå Eikelandsosen formann. I 1960 vart Sigurd Austestad ny disponent ved Chr. Bjelland & Co A/S sin Fabrikk nr. 8 på Fedje.

Disponenten sitt høgste ynskje var å få ein overtrykkskjele til fabrikken. Då kunne aluminiumsøskjer og lokk vore nytta i produksjonen, med dei tids- og vektbesparelsane det hadde medført. Men som nemnd tidlegare var tilgangen på ferskvatn ustabil.

Fyrste tineapparatet

Fyrste tineapparatet

Rundt 1956 – 1957 vart fryseteknikken betre og betre. Frithjof Ragnvald Bjelland (adm. dir. 1956 – 1982) gjekk for fullt inn for å kunne nytte denne teknikken i produksjonen. Frosne råvarar gjorde det mogleg for hermetikkindustrien å produsera heile året. Ein var ikkje avhengig av ein stor arbeidsstokk over nokre korte sumarmånader. Dette passa inn i Strandvik også då ein kunne nytta sjøvatn til tining av det frosne råstoffet. Rundt 1960 – 1961 vart eit tineapparat montert, og ei pumpe produsert av Frank Mohn A/S vart installert for å pumpe sjøvatn til tining.

Røykeriet

Røykeriet

I 1965 – 1966 kom tredemaskina. For arbeidstakarane var det eit gode med stabilt arbeid mest heile året. Brisling og mussa om sommaren og utover hausten, kippers då den norske vintersilda kom på byrjinga av året. Flaskehalsane i produksjonen var fleire. Ved sida av overtrykkskjele var ein automatisk falsemaskin med automatisert lokkpålegging eit sterk ynskje å få til fabrikken. Frå midten av 1960-talet skjer det ein del ute på verdsmarknaden samtidig som tilgang på mussa og vintersilda stagnerar. På desse tider vart også røykomnane modernisert. Ein nytta no gass og eikeflis til røyking, ikkje eikeskie. I 1966 fortalde far min at no var det svenskar som eigde fabrikken i Strandvik. Chr. Bjelland & Co A/S hadde inngått eit samarbeid med det svenske industrikonsernet ABBA Fyrtornet A/B. Gardsnummer 90, bruksnummer 9 – Odnavik var skøyte frå, til svenskane. Det same var gjort i Sverige der Chr. Bjelland & Co A/S hadde fått skøytt til seg eit tilsvarande anlegg.

Borgny ved falsa

Borgny ved falsa

Eg reknar med at dette tiltaket var ein måte å tileigna seg nisjar i den skandinaviske og europeiske marknaden. No starta også investeringane i meir moderne utstyr. Automatisk falsemaskin med lokkpålegging vart montert, utviding av fabrikken med plass til overtrykkskjele og lager vart bygd mot aust. Og som ein naturleg konsekvens av alt dette vart brislingen lagt i aluminiumsøskjer. Tidleg på 1970-talet var «Hermetikken» i Strandvik ikkje blant dei største, men den var effektiv. Fabrikken gjekk med overskot, om ikkje så stort. Når det gjaldt tilgang på vatn, fekk «Hermetikken» hjelp frå Sildoljefabrikken sitt basseng. Takka vere dei dyktige arbeidarane som kunne sitt handverk var utbyttet per skjeppe svært god. 100% utbytte var: 1 skjeppe = 1 kartong á 100 øskjer. I Strandvik fekk ein att mellom 115 – 120 øskjer per skjeppe i snitt per år. Dette gjeldt ordinær kvalitet på brislingen.

Leggesal

Leggesal

Fabrikken i Strandvik hadde også ein rekneskapsmann. I alle åra eg kan hugse var det Nils Kvåle som stod for den jobben. Nils Kvåle kom til «Hermetikken» rundt 1936, fyrst som formann for tredarane, seinare tok han seg av rekneskapen. På 1960-talet vart Reidar Djupvik formann ved fabrikken. I denne perioden utdanna han seg ved Hermetikkfagskulen. Reidar Djupvik tok seg av avviklinga i 1975. Med seg hadde han som nestformenn/basar Nils «Spanstegen» Legland og Anders «Rauvoll» Kvåle. Den einaste fagforeiningsleiaren ved «Hermetikken» i Strandvik var Borghild Solberg, gift med Arne Solberg frå Strandvik. Dei hadde bygd og budde på Vinnes.

Innfrysing, lagring og tining av råstoffet, saman med aukande kostnadar ved den stadig lengre transporten og den direkte stigninga av sjølve råstoffprisane, førde kostnadane opp på eit faretrugande høgt nivå. I 1970-åra kom også den særnorske lønseksplosjonen stimulert av oljeeventyret og den offentlege motkonjunktur- politikken. I ein arbeidsintensiv industri som sardinindustrien slo løna ekstra sterkt ut.

Frå tredesalen i 1946.

Frå tredesalen i 1946.
Venstre bak: Ole Moe, Odd Nybråt, Lars Legland, Norvald Legland, Kristian Tuft og Nils Kvåle.
Midt: Per Åkre, Alf Moe, Jan Øistein Åkre, Eivind Håvik og Moe eller Mjånes (slekt i Steglholmen).
Framst: Johan Åkre og Johannes Kvåle.

I 1962 produserte 120 anlegg 1,6 millionar kassar sardinar. I 1973 produserte 40 anlegg deriblant Strandvik og Eikelandsosen, 1,8 millionar kasser. Strandvik vart derimot for liten. 1974 var siste produksjonsåret, og fabrikken vart rydda for maskiner og nedlagd i 1975. Eit turbulent industrieventyr i Strandvik tok slutt etter 58 år.

«Strandvik Bryggje»

«Strandvik Bryggje»

Omlag 25 år etter nedlegginga, rundt 2000-talet, gjenoppstod «Hermetikken» som leilighets-komplekset «Strandvik Bryggje».

Disponent under nedlegginga, Finn Opsahl, var 62 år og hadde sviktande helse. Han vart hjarteoperert og førtidspensjonert etter 18 år som disponent ved Chr. Bjelland & Co A/S sin Fabrikk nr. 19 i Strandvik.

Elles må nemnast at Ingrid Marie Olsen frå Stavanger kom til Eikelandsosen tidleg på 1940-talet for så å verta bestyrerinde på «Hermetikken» i Strandvik i 1942. Ho vart seinare gift med Yngvar Vik frå Strandvik. Stina Tveit frå Eikelandsosen var også bestyrarinde i fleire år i Strandvik. Jorunn Haga frå Djupvik var ei av dei som hadde lengst fartstid ved Fabrikk nr.19. Thomas Vindenes (i holmen) var lakar i mange år, heilt til han overlet den jobben til sonen sin Ola. Olav og Ingvald Håvik (Solli), Ola og Alfred Vindenes var med fram til fabrikken vart stogga.

Men arbeidsfolk kom ikkje berre frå Strandvik. Johannes Haga førde mang ein arbeidstakar med båten sin frå Baldersheim over fjorden til «Hermetikken» i Strandvik. På returen hadde han brødvarer frå Brødrene Dallands bakeri. Blant dei eg hugsar best var Maria Tveit og Hilda Bårtveit. Hilda og kollegaen Turid Furhovda frå Vinnes var nokre resarar til å trede brisling. Det er sikkert mange fleire som skulle vore nemnd med namn når det gjeld «Hermetikken», men eg stopper med dette.

Karl Gustav Opsahl
Strandvik, mars 2013.


Karl Gustav Opsahl har lagt fleire månader med hardt arbeid i denne teksten. Det er prisverdig, og redaksjonen for Strandvikjo.no er svært takksame for at han har tatt seg tid til dette. Me håper lesarane våre også er svært nøgd med å få ein del av Strandvik sin spannande historie, fortald av ein av bygdas mange kunnskapsrike innbyggjarar, ut på den verdsvide veven. Legg gjerne igjen ein kommentar under ↓ om kva du synest om artikkelen til Opsahl, vil diskutere noko kring «Hermetikken» eller skriv om du har eit ynskje om meir slikt stoff på Strandvikjo.no.

Peter-Hans de Zwarte
Redaktør, Strandvikjo.no.


God hjelp har vore:
O. B. Skaathun: «Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik» – Band I og III. — Carl Fred. Kolderup: «Chr. Bjelland & Co A/S, 1882 – 1982» — Nils Kolle: «Fusa Sparebank 125 år» — Ella Marie Brekke Vangsnes: «Heilt andre tider, Fusa 1900 – 2000» – Band I — Piers Crocker, Norsk Hermetikkmuseum, Stavanger. — Ola Hauge — Sigmund Leigland — Sigurd Austestad — Reidar Djupvik — Lars Håvik — Ansgar Tveit — Jorun Haga — Norvald Legland — Magne Tuft – Hans J. Berge — Eva Sagstad — Bjørg og Johannes Kvåle