Innspel frå Bygdautvalet til arealplanen

By | 2013-12-31T21:44:24+00:00 31 desember 2013|Nyhende, Referat|

Bygdautvalet heldt eit bygdamøte torsdag 19. desember 2013. På dette møtet vart me einige om kva innspelet frå Bygdautvalet til Fusa kommune si arealplan skal innehalde.

På same møtet vart me einige om at Bygdautvalet skulle leggje innspelet ut på Strandvikjo.no for at dei som deltok på møtet skulle få gå gjennom og sjekke at me har fått med alle moment i saka. Dette innspelet er kun open for utdjuping av eksisterande tema, då desse allereie er vedteke under bygdemøtet. Det er sjølvsagt moglegheit for dei som ikkje var på møtet å komme med innspel, men innspelet slik det er no er eit produkt av synspunkta til deltakarane på desse møta.

Det kom også opp planar for eit nytt industriområdet i Håvik. Det vart avhalde ei avstemming der 2 stemte mot forslaget, og 12 stemte for forslaget til Fusa Utviklingsselskap. For dei som interessert i meir informasjon kring industriområdet kan Fusa Utviklingsselskap bidra med det.

Frist for å sende inn forslag til endring av innspelet er sett til 2. januar 2014, og kan sendast via e-post til Linn-Cecilie Johansen Romundsetlinn@medio-as.no.

– Trykk her for å sjå og lese innspelet

Her er nokre kart som syner områda og forslaga frå innspelet: