Innspel til planprogram for arealplan

By | 2013-06-04T06:47:36+00:00 4 juni 2013|Ymse|

Har du innspel til framdrift, organisering og plantema til Fusa kommune sitt planprogram for arealdelen?

Fusa kommune ynskjer å fokusere på følgjande tema:

  • Utvikling av Eikelandsosen som tettstad og kommunesenter
  • Areal for utvikling av bustadområde nær kommunesenteret og i bygdene
  • Landbruk
  • Hytteområde
  • Transportaksar og E39
  • Utvikla gode nærings- og industriareal
  • Areal til friluftsliv/friluftsområde
  • Omsynssoner og vern
  • Akvakultur
  • Strandsoneplan

På bygdamøtet 25. mai var sentrumsutvikling i Strandvik på agendaen, og Sentrumsplanen for Strandvik vart presentert. Bygdautvalet har notert utvikling av Strandvik sentrum som eit punkt under innspel til plantema. Me ynskjer gjerne å få fleire innspel både på plantema, framdrift og organisering, om nokon ynskjer å bruke Bygdautvalet som talerøyr i denne prosessen.

Innspel til konkrete areal må komma i andre omgang med innspel. 

Me forventar at andre omgang startar opp til hausten når planprogrammet er endeleg vedtatt. Bygdautvalet vil kalla inn til bygdamøte for alle Strandvikarar i god tid.

Ynskjer du å setje deg nærare inn i dokumentet kan du finne det på Fusa kommune si nettstad under «kunngjeringar og høyringar». Dokumentet heiter «Forslag til planprogram for arealplanen». Du finn det også ved å trykkje på denne lenkja.

Kontakt Linn Romundset i Bygdautvalet på 95 75 64 71 eller linn@medio-as.no om du har innspel du ynskjer at Bygdautvalet skal videreformidla.

Frist for innspel til Bygdautvalet er: Torsdag 13.06.13 .