Innspel til trafikksikringsplan

By | 2015-03-20T13:07:20+00:00 20 mars 2015|Ymse|

Fusa kommune har sett i gang arbeidet med ny trafikksikringsplan. 

Grunnlaget for prioriteringar og innhald i planen vil mellom anna vere ulukker som har skjedd, og følt utryggleik hjå folk i kommunen. For å skaffe ei oversikt over dette, går kommunen ut og ber om innspel og merknader til arbeidet. 

Strandvik Bygdautval ynskjer å få innbyggjarane i Strandvik sine innspel knytt til farlege kryss, smale skulevegar, dårleg sikt og andre moment som trugar trafikksikkerheita i bygda. Så sender me desse inn som ein samla oversikt.

Har du eit innspel til trafikksikringsplanen kan det leverast hos Joker Strandvik, på e-post til post@strandvikjo.no eller i kommentarfeltet nedanfor innan 13. april.