Invitasjon til marknad 2016

By | 2016-03-02T16:52:47+00:00 2 mars 2016|Arrangement, Nyhende|

Liv&Lyst i Strandvik har gleda av å invitere til ei sals- og utstillingsmarknad i bygda laurdag 28. mai 2016.

I år som i fjor vert det frukostbuffé, salsboder, lotteri, hønsedritebingo, andeslepp, song- og musikkstemne, fest med dans m. m.

I fjor kom det 36 salsbodar og utstillarar som kunne by på alt frå tretønner, tredreiing, kjøkkenreiskap, ATVar, antikvitetar, bøker, fotografi, måleri, kle, parfyme, tupperware og smykker til fillipinsk mat, belgisk sjokolade, skillingsbollar, cupcakes, Strandvikadravle og lefser.

Ynskjer du å stille ut på Strandvik Marknaden 2016? Me ynskjer nemleg svært gjerne å ha deg med på marknaden! Du finn påmeldingsskjema ved å trykkje på denne lenkja.