Liv&Lyst i Strandvik har gleda av å invitere til sals- og utstillingsmarknad i bygda laurdag 27. mai 2017.

I år som i fjor vert det frukostbuffé, salsboder, lotteri, hønsedritebingo, andeslepp, song- og musikkstemne, fest med dans m. m.

Sjå video frå den fantastiske marknaden i fjor hjå Os & Fusaposten ved å trykkje her!

Ynskjer du å stille ut på Strandvik Marknaden 2017? Me ynskjer nemleg svært gjerne å ha deg med på marknaden! Du finn påmeldingsskjema ved å trykkje på denne lenkja.