Strålande Jonsok

By | 2014-06-24T06:41:17+00:00 23 juni 2014|Arrangement, Bilete, Nyhende|

Tradisjon tru vart det flott feiring i Handelslagsfjøro i år òg. 

Feiringa starta utanfor Joker Strandvik der mange hadde møtt opp, nokre med blomekrans i håret. Herifrå toga små og store seg bort til fjøro. Eingongsgrillar, campingstolar og badetøy spratt fram frå rikhaldige sekkar. Dei som ikkje hadde pakka sekken kunne få kjøpa grilltallerken hos Sefer.

Innimellom pølsegrilling og kos vart det tid for nokre leikar òg. Innsatsen var det ingenting og utsetje på, og jammen vart ikkje innsatsen belønna med is til slutt. Gledeshyl, latter og prat kunne høyrast langs heile stranda, og då både to og tre gitargutar stemde i med flott musikk og sang vart dagen heilt som den skulle vera. Spontan allsang braut ut når gamle slagerar kom som perler på ei snor. I år var det ikkje noko problem med å få bålet til å brenna, det lyste nok opp lika til Nordtveit.

Heilt på tampen fekk dei største gutane målt kreftene sine i ei durabeleg tautrekking. Då slaget var over gliste seierherrane medan dei andre mumla om dårleg grep både på tauet og i sanden.