Julesong med lokal vri

By | 2014-12-22T21:27:53+00:00 22 desember 2014|Kunst og kultur, Ymse|

Ein av våre lesarar, Erik Henriksen, har vore i det kreative hjørnet. 

Etter å ha blitt inspirert av den flotte julestemninga i bygda for nokre år sidan, har han skrive ein julesong med lokal vri. 

Kanskje sitt Strandviknissen å syngje denne på Kletten akkurat no? 

Songen skal syngjast til melodien av «Mary’s Boy Child».

 

Stille adventnatt på Tuft med fyrlykt-blink i sør.
Stjernehimmel, frost i luft, i peisen varmar glør,
frå lauvtrær hogd langs Torvamyr til Malkenes gjev sikt.
I hagen beitar hjortadyr, da vert kulturtlandskap av slikt. 

Bjødnafjorden ligg som speil mot holmane i aust,
vedkubben som varmar no, gav utsyn til eit naust
i Ådnavikjo er da stillt og leia den er trygg,
frå Storesund til Nilsa-skjer, i lys frå Leigland Bygg. 

Trekkfugl vekk og dyr i hi, i Kletten herskar ro.
Reven seier ingenting, han lyttar på Ylvis no.
Katten har gått innomhus og musa dansar Jordmor-swing,
Dalland sløkt og hyttefolk i byd’n, då høyrast svake ring: 

Klokka klinger, folk på veg, frå kyrkja skin» da ljos
på nissefar sitt grautafat i Særvolls gamle fjos.
Krøtter har fått sut og stedl av tomten løynd i skjul,
mens månen over Nordtveit renn, no er da jammen Jul. 

ECH, 2014.