Laurdag 1. juli er det berre å dra seg ut av godstolen, få på seg joggesko og sveitteband og stille opp i den nye idrettsparken!

Denne dagen er det tradisjon tru både Strandvik Open og Strandvikløpet. I år er det faktisk 10 års jubileum for Strandvik Open. Dette vert feira med offisiell opning kl. 12, av den fantastiske ny idrettsparken bygda har laga. Den har heile 6 permanente flotte volleyballbanar, samt fått kunstgras på fotballbana. Ellers byr dagen på dei tradisjonelle løpa; Iskremløpet, Sentrumsløpet og 3 km. I tillegg vert det andre aktivitetar for ulike aldersgrupper. Det vert også sal av grillmat. Ikkje minst går volleyball-finalane frå Strandvik Open, samt Mix4-turneringa for bedrifts- og venelag, av stabelen på denne dagen. Strandvik Open har for øvrig då pågått sidan fredag 30. juni, og held det gåande i ymse klassar til tysdag 4. juli. Du kan finne resultata og meir informasjon kring dette på nettstaden deira ved å trykkje her.

Har du energi igjen når det kveldast er det berre å møta opp ved Grendahuset kl. 21:00. «Hot Shots» frå Fusa har endeleg gjort comeback. Dei lovar god og variert dansemusikk. Så er du framleis lett på labben kan du teste ut dansegolvet her.

Her finn du program for dagen (trykk for større versjon):