Klart for opning av ny butikk

By | 2016-03-09T18:25:24+00:00 9 mars 2016|Nyhende|

Etter ein formidabel sluttspurt er den nye butikken til Joker Strandvik klar til å opnast torsdag kl. 15:00.

Midt i sentrum av bygda er ein forfallen løe erstatta med eit stort, flott, moderne bygg. I tillegg til ein romsleg butikk med både kaffikrok og panteautomat, kjem Medio Utleieservice AS til å etablerer kontor i 2. etasje. Utanfor kan ein no fylle både bensin og diesel.

Ein flott utvikling i bygda vår. Og lat oss no handle som aldri før, slik at Mona og gjengen i Joker kan oppretthalde eit stort vareutval.

Vel møt til opninga torsdag kl. 15:00!

Jan Tore Aakre har dokumentert byggeprosessen med bilete, bilete som du kan sjå her: