Krimkveld i Grendahuset

By | 2014-11-14T17:03:48+00:00 14 november 2014|Arrangement, Kunst og kultur|

Fredag 21. november vert det litterær heilaften på Grendahuset i Strandvik.

Frå kl. 19:00 vert det krimquiz (med litterære premiar, sjølvsagt) før publikum får møta eit solid panel med krimforfattarar som skal fortelja om dei siste bøkene sine, skriveprosessar og livet som forfattar.

På scenen sit velkjente Chris Tvedt og kona Elisabeth Gulbrandsen som denne hausten er aktuell med «Djevelens barn», den andre boka dei har skrive i lag om Kriposetterforskar Edvard Matre.

I lag med dei to sit også Frode Eie Larsen som er på vitjing frå Austlandet. Han er busett i Larvik og er i år ute med sin fjerde krimroman «Du skal lide» som har fått svært gode kritikkar.

Bergensaren Rene Rønshof er denne hausten ute med ei dobbeltutgjeving med bøkene «Døden til følge» og «Hevn før du sovner» der me møter den rappkjefta politimannan Bogart Ness i hovudrolla.

Ordstyrar er Fredrik Schmidt Fotland, som har to krimromaner på samvitet, med datamannen Sven Hope i hovudrolla.

Etter den kriminelle seansen er over vert det sjølvsagt høve til å kjøpe signerte bøker frå forfattarane og trampa takten til musikk utover kvelden. Det vert også ymse servering.

KRIMKVELD Strandvik Grendahus low_res-page-001