Krinsstemne 15 m bane

By | 2014-02-10T20:25:55+00:00 10 februar 2014|Arrangement, Nyhende, Ymse|

Foto: Krinsmeister i klasse R: Markus Ådland frå Tysse Skytterlag, saman med Håvard Vik på 3. plass, og Jens Georg Gulbrandsen på 3. plass.

Søndag 9. februar arrangerte Strandvik Skyttarlag krinsstemne på 15 meter bane, innandørs. Skyttarar frå Os, Samnanger og Fusa deltok.

Strandvik skyttarlag fekk 3 krinsmeistrar:

Erik Vik

Hilde Tuft Soltvedt

Magnus Tuft Soltvedt.

Strandvik Skyttarlag fekk skryt for vel gjennomført stemne, samt flott skytebaneanlegg og god service frå kiosken.

Med andre ord eit vellukka arrangement!