Landsskyttarstemne i Sandnes

By | 2014-09-06T07:45:18+00:00 16 august 2014|Sport og idrett|

Så var Landsskyttarstemne over for denne gongen. 14 skyttarar frå Strandvik Skyttarlag var påmeldt til stemnet som vart arrangert i Sandnes. Av desse var heile 9 rekrutteringsskyttarar. Dette er rekord i laget si 133-årige historie!

Når alle skulle skyta minst to øvingar seier det seg sjølv at det vart travle dagar både for skyttarar og foreldre. At mange av våre debutantar sette personlege rekordar var imponerande. Den som gjorde det aller best, og den einaste som kvalifiserte seg til ein finale, var Truls Joar Lie,  i klasse «Rekrutt». På sitt fyrste LS skaut Truls Joar like godt fullt hus, 30 treff, på felten. I finalen vart det ikkje like god utteljing, men for ein debut! Med 248 poeng på bane var Jens Georg Gulbrandsen eit poeng frå finale i klasse «Eldre Rekrutt». Magnus Soltvedt var eit poeng frå finale både i felt og bane med henhaldsvis 29 og 245.

Dei vaksne skyttarane fekk ikkje heilt klaff i år, av ulike årsaker… Ustabil vind, utslite løp, feil sluttstykke og for tidleg skytetid om morgonen var nokre av (bort)forklaringane som vart nemnd. Men, med medbrakt lagstelt, bord og stolar vart det likevel mange trivelege stunder saman med gode skyttarvener.

Spesielt gledeleg i år var at det var to damer som debuterte i klasse 1, og at det var heile 4 skyttarar frå nabobygda Vinnes.

Me håper at alle har hatt det kjekt, og at dette har gitt inspirasjon til å trena endå meir. Slik at me kan møtast på Lesja i 2015, og få flesteparten av våre lovande skyttarar, unge som erfarne, vidare inn i finalerundane!

Sesongen 2014 vert avslutta med Krinsstemne bane (Tysse) og felt (Os) denne helga, og Samlagsstemne bane på Osterøy helga etter.

Du kan lese meir om skyttarlaget sine aktivitetar på heimesida deira ved å trykkje her.