Lefsekurs

By | 2013-10-30T20:58:48+00:00 30 oktober 2013|Arrangement, Ymse|

Det har vore arrangert lefsekurs i skulen.

Initiativtager «LivOGLyst» fekk den evig unge og alltid like positive Britt Sagen til å vidareføra kunsten til framtidige «bakstekjerringer». Ho fekk god hjelp til av Magnhild Hauge som auste av mange års erfaring.

Gjennom mjølskya kunne ein skimta hardtarbeidande jenter som kjevla etter alle kunstens reglar. Innsatsen vart belønna med flotte, gode  lefser som dei heime (kanskje) fekk smaka.

Interessa for fleire lefsekurs er stor, så ein skal ikkje sjå vekk i frå at det vert både eit og to kurs til!