«Ljospunktet»

By | 2015-03-04T16:48:06+00:00 4 mars 2015|Kunst og kultur, Nyhende|

Du har kanskje allereie sett det? Telefonmasta på Kletten som lyser opp i alt mogleg forskjellege fargar ved mørket sitt frambrot? Kva i alle dagar er dette? 

For nokre år sidan såg underteikna misunneleg bort på Borgafjellet på Os. Der var telefonmasta pynta med flotte lyslenkjer til jul. Det vert kjapt resonnert fram at noko slikt lyt me ha i Strandvikjo og. Fleirfaldige timar med grubling, testing og telefonsamtalar måtte til for å få resultatet du kan sjå i dag: eit heilt anna resultat enn underteikna såg for seg den gongen. 

Eigaren av masta ville ikkje la oss hengje lamper i sjølve masta, men tru det eller ei, det kan kome noko godt av ein landsens tulling på bytur og. For der, oppe på Ulriken, lyste bokstaveleg talt svaret mot underteikna: lyskastarar! Masta på Ulriken er eit flott skode, skiftar leikent fargar og greie… Julelyset på Borgafjellet vart kjapt gløymd, og det var resonnert fram til at det var noko slik som Ulriken Strandvik lyt ha. 

Iman de Zwarte

Iman de Zwarte (jr.) på veg til Kletten med lyskastarane.

Masta på Ulriken er ein massiv klump av betong, så spørsmålet om den tynne og spinkle masta på Kletten i det heile tatt kunne reflektere nok lys måtte testast. Hyggelege folk hos Rubicon AS lånte oss ein kraftig lyskastar som me kunne teste med. Resultatet vart ikkje så alt for gale, og underteikna fann ut at dette var vegen å gå. 

Men kva er så tanken bak dette? Jau, underteikna synest masta er estetisk stygg og skjemmande i bygda. Så løysinga vart ironisk nok å lyse den opp, slik at den også vart synleg når det er mørkt. Men, når det er mørkt er det som ein gong var ei keisame grå mast, gjort om til noko nytt, spanande og fargerikt. Noko som gjev bygda særpreg. Kanskje til og med noko ein kan stå å sjå på, og undra seg over, seine nattetimar, medan den roleg rullar gjennom fargespekteret? Kanskje noko som får kreative sjeler og ungdomar til å flytte til bygda? Eit fyrtårn som viser folk vegen til Strandvik? Eller noko som får folk til å tenkje over dette svært så viktige, men anonyme knutepunkt i vårt moderne samfunn? 

Underteikna har gjeve masta namnet «Ljospunktet». Strandvik i seg sjølv er jo eit lyst punkt i statistisk samanheng, med folketalsauke. Og Kletten er eit slags midtpunkt i bygda. Uansett, kva som er meininga med masta overlet eg til fri tolking. Dette er underteikna sitt bidrag til bygda, og han håper de liker det. 

Masta kan for øvrig programmerast til å syne alt mogleg forskjellige fargar, til og med blinke og syne andre effektar. No er den programmert til å gå roleg gjennom eit fargespekter, og det er meininga og halde det slik. Dette skal på ingen måte vera noko glorete og harry disko-lys. 

Underteikna vil hjarteleg takka Medio, Leigland Bygg og Strandvik Transport og Maskin for finansieringa av prosjektet. 

(Den observante turgåar har nok sett at lyskastarane står laust på bakken, og kablane ligg også på bakken. Lyskastarane skal boltast fast, og kablane gravast ned. Dette vert gjort så kjapt som råd.) 

Skriv gjerne ein kommentar nedanfor om kva du synest om «Ljospunktet» ↓ .