Laurdag 2. juli er det berre å dra seg ut av godstolen, få på seg joggesko og sveitteband og stille opp på idrettsbana!

Tradisjonen tru er det då klart for Strandvik Open og Strandvikløpet. Dagen byr på dei tradisjonelle løpa; Iskremløpet, Sentrumsløpet og 3 km. I tillegg vert det andre aktivitetar for ulike aldersgrupper. Det vert også sal av grillmat. Ikkje minst går volleyball-finalane frå Strandvik Open, samt Mix4-turneringa for bedrifts- og venelag, av stabelen på denne dagen. Strandvik Open har for øvrig då pågått sidan tirsdag 28. juni. Du kan finne resultata og meir informasjon kring dette på nettstaden deira ved å trykkje her.

Har du energi igjen når det kveldast er det berre å møta opp ved Grendahuset kl. 20:00. Er du framleis er lett på labben kan du teste ut dansegolvet her. Om ikkje energien strekk til kan du delta på allsong i teltet utanfor. Det er «Pompel og Piltene» frå Sveio som spelar opp.

Her finn du program for dagen (trykk for større versjon):

plakat_løpet_2016-page-001

plakat_open16_2-page-001