Lyst å delta på bibel halvmaraton?

By | 2016-04-14T14:27:39+00:00 14 april 2016|Arrangement|

Det norske Bibelselskap feirar i år 200-årsjubileum. Dette skal i Fusa markerast med bibel halvmaraton.

Det vil seie at Det nye Testamentet skal lesast nonstop frå fredag 3. juni kl. 15:00 til laurdag 4. juni kl. 18:00 i Eikelandsosen bedehus.

No vil Fusa sokneråd gjerne invitere lesarar frå Strandvik til dette arrangementet. Det er ikkje krav om at ein må vere svært dyktig å lese, ein vil kunne lese med den røysta ein har.

Om du har lyst å lese litt er det berre til å kontakte kyrkjeverje Harald Geir Sæther på telefon 56 58 01 80 eller e-post harald.geir.sether@fusa.kommune.no.