Måleri og påskelam

By | 2014-04-06T14:58:37+00:00 6 april 2014|Arrangement, Kunst og kultur|

Dei driftige damene Anni Bolstad og Vigdis Tholo von Ahnen har tidligare hatt fleire kunstutstillingar på Handelslaget i lag med Fusart. Men denne gongen prøver dei seg utan nemnde kunstnargruppa i ryggen. No er dei klare for å syne fram eit halvt års «produksjon». 

Vigdis har blant anna nytta seg av teknikkane olje og akryl i måleria sine. Desse har som tema stein, vatn og menn. Motiva er henta frå nærområda, og ho har laga dikt til ein del av måleria som vert framført på opninga av utstillinga. 

Anni har nytta seg av mange ulike måleteknikkar. I denne utstillinga har ho funne inspirasjon frå varmare strøk. Ho har mykje leik, varme fargar og noko mystisk i bileta sine. Til tider lett forføreisk. 

Damene har hovudsakleg gått i lære hjå Bente Dankertsen, men har også gått på skule/kurs hjå blant anna Frøydis Aarseth og Ian Ward Garlant. Opninga av salsutstillinga finn stad på Handelslaget fredag 11. april kl. 18:00. Bileta vert hengjande til sal fram til summaren. 

Denne fredagen opnar også Handelslaget påske-menyen sin. Her finn ein blant anna lam og mykje anna freistande som Sefer Öztas diskar opp med på det lokale etablissementet.

Vel møt!