Marknaden 2014 – Lesarbilete, bygdapris og framtida

By | 2014-06-19T19:07:39+00:00 19 juni 2014|Arrangement, Bilete, Referat|

Det vart nyleg halde evalueringsmøte for Strandvik Marknaden 2014. Kort oppsummert såg marknadskomiteen seg svært nøgd med denne strålande dagen. 

Komiteen har gått gjennom heile marknaden og tatt lærdom av den bratte læringskurva. Dei kjem sterkt tilbake med endå betre planar og organisering av neste marknad som vil vere laurdag 30. mai 2015. 

Bygdaprisvinnar Mikal Leigland var ikkje til stades under sjølve marknaden. Men han vart lurt til å kome på evalueringsmøtet under påskot at han skulle formidle noko anna bygdarelatert. Raud løpar vart rulle ut og prisvinnaren fekk utlevert utmerkinga, blomar og ein kaffitår med kake. 

Om du ynskjer å lese stemningsrapport frå marknadsdagen og/eller sjå fleire bilete kan du gjere det ved å trykkje her

Heidi Baldersheim og Jostein Ulland tok nokre flotte bilete under marknaden, og desse kan du sjå her: