Liv&Lyst i Strandvik har gleda av å invitere til sals- og utstillingsmarknad i bygda. Det vert tredje året på rad me arrangerer denne marknaden.

Årets marknad vert 31. mai frå kl. 9:00 – 15:00. Marknaden vert halde på skuleplassen, og både inni og utanfor Grendahuset. Dagen vert starta med at ein kan delta på frukostbufféen til Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar. I løpet av dagen held fleire ulike kor og musikklag frå Fusa konsertar i både kyrkja og Grendahuset. Det vert kafé der ein kan kjøpe seg is, brus og kaffi med noko attåt.

Blant salsbodene og utstillingane finn ein alt frå sko, slips av tre og ATV’ar til filippinsk mat, belgisk sjokolade, tupperware og rauddravle.

Om kvelden vert det dans i Grendahuset med Van Gils. Dei lover god musikk, og også litt show!

I fjor fekk marknaden besøk av mange overnattande gjestar i bubil. Også i år kan desse parkere på anviste plassar på idrettsplassen. For båtfolk har Leigland Bygg ei flott gjestebryggje i Ådnavikjo.

Som du kan lese her og her vart dei to førre marknadane ein stor suksess.

Her er program for dagen (trykk for å forstørre):

Plakat for Strandvik Marknaden 2014