Marknadsdagen laurdag 9. juni vart ein stor suksess. Vêrgudane var med oss, og store og små fekk ein triveleg dag ilag.

Dagen byrja med felles frukost i sentrum. Kring 250 store og små fann vegen til duk og dekka bord. Stor takk til Mona og Joker Strandvik, som hadde ei rekkje gode sponsorar i ryggen!
Under fellesfrukosten kosa store og små seg saman, og ein fekk tid til å snakka saman over ein kaffikopp, gjerne på tvers av generasjonar, noko alle såg ut til å setja pris på.

Eit av høgdepunkta var når Liv og Lyst-general i bygda Tone Andreassen Vik sytte for utdeling av Bygdaprisen. Det er ein “kvardagspris” som skal gå til personar eller lag som gjer ein fabelaktig innsats i kvardagslivet i bygda. Prisen gjekk til butikkinnehavar Mona Tveit Dalland, som fekk overrekt prisen av ein av sine mest trufaste kundar gjennom mange år, Nils Legland.

Utanom dette var alle “offentlege bygningar” i bygda opne: Skulen, grendahuset, kyrkja, ungdomshuset, fellesfjøset og ridehallen. Mellom desse vart det arrangert kultursti.
I ungdomshuset opna Galleri Rosenlund salsutstilling, der kunstinteresserte kunne sikra seg ein skatt eller to.
Lag og foreiningar stod på stand mellom salsbodene, fylkesvegen gjennom sentrum vart vertskap for ei zumba-økt og det var ulike konkurransar – som hønsadritabingo på programmet.
Også filframsyninga i Grendahuset – der vi fekk sjå filmane vår lokale filmhelt Sverre Nistad Kvamme har laga – vart ein hit!
Den lokalproduserte rauddravlen fekk bein å springja på i marknadsteltet – ein suksessfaktor me vonar vil koma att.
Der var også ei rekke andre utstillarar som verka nøgde med responsen etter at salsbodene var pakka ned.
Marknadsdagen vart avslutta med minikonsert i kyrkja.

Etter suksessen sist helg er det alt fastsett at det vert ny marknad 1. juni neste år. Då har arrangørane lovd å ta med seg sukksessfaktorane frå denne marknaden vidare, og om mogleg gjera marknadsdagen enno betre!

Mykje godt dugnadsarbeid vart lagt ned i denne marknaden, og for å promotera nettstaden vår hengde me opp ein stor banner på Kvålshaugen. Dette arbeidet blei filma og sett saman til eit lite filmklipp du kan sjå nedanfor:

[youtube id=”RkprKipYZvc” width=”600″ height=”340″]

Om du gjekk glipp av filmframsyninga til Sverre Nistad Kvamme i grendahuset under marknaden, har han lagt ut mange av filmklippa sine på nettstadene YouTube og Vimeo slik at du også kan sjå dei heime, klikk på lenkjene under for å koma til filmklippa hans:

StrandvikFilm på YouTube
Sverre Nistad Kvamme på YouTube
Sverre Nistad Kvamme på Vimeo

Her kjem eit lite galleri av bilete frå marknaden: