Eg har høyrt at kunstnarar vert tiltrekte av det særskilde ljoset i Strandvik.
Om det er ljoset eller miljøet som trekk dei hit, veit eg ikkje, men at det er eit bra miljø for kunstnarar i bygda er det inga tvil om.

Dersom du har avlagt ein visitt til det lokale etablissementet Handelslaget i det siste, har du nok ikkje klart å unngå å leggje merke til veggane som er pryda med måleri av høg kvalitet. Nokre har attpåtil eit lokalt preg! Om nokre år(hundre) er kanskje desse måleria like kjende som Munch og Rembrandt sine. Men til dess nøyer medlemane av Fusart seg med utstilling på den lokale restauranten.

Vigdis Tholo von Ahnen kan fortelje oss at Fusart er eit kunstnarfellesskap med medlemar frå heile Fusa kommune. Medlemane blir rettleia til dei ferdige resultata av mentor Bente Valentinsen Dankertsen. Ho er biletkunstnar og fekk utdanninga si ved kunstskulen i Bergen. Dankertsen er blant anna kjend for den årlege Bergenskalender. Den har ho gjeve ut sidan 1993.
Eit par gonger i månaden kursar ho dei 12 Fusart-kunstnarspirene heime i verkstaden sin på Strandli. Omtrent halvparten av dei samlast ein gong i månaden. Medan den andre halvparten har samling kvar fjortande dag. Der får dei bryne seg på dei fleste teknikkane innan teikning og målarkunst.

Nokre gongar i året lagar Fusart til ei utstilling av utvalde kunstverk frå gruppene. No har dei laga ei juleutstilling på Handelslaget. «Galleristen» Sefer Öztas er streng på at alt som kjem på veggene på Handelslaget er til sals, så dette er ei rein salsutstilling. Dermed er Handelslaget kanskje einaste staden i Noreg som både kan tilby take-away pizza og take-away kunst!

Fusart har nok allereie dei fyrste penselstroka klare til neste utstilling. Dei kjem til å syne fram nye måleri på Handelslaget til sommaren. Dei håpar også å få vist fram ferdigheitene sine på Vinnesfestivalen i juni. Men før det er du meir enn velkomen til å besøkje den pågåande utstillinga på Handelslaget. I tilfellet du ikkje har høve til eit besøk kan Strandvikjo.no under artikkelen presentere eit lite galleri av nokre av måleria.

Om du har eit ynskje om å trå inn i kunsten si verd med måling og teikning, kan du ta kontakt med Fusart via Bente Dankertsen. Tholo von Ahnen har berre lovnadsord å sei om gruppa. «Me samarbeider, lyfter kvarandre opp og deler òg godt sosialt liv saman. Gruppene er ganske stabile og me lærer mykje.»