Minnekonsert for Jon Jelmert

By | 2014-10-08T16:28:52+00:00 8 oktober 2014|Kunst og kultur|

I januar i fjor mista Jon Jelmert og kona Marit Elisabeth Tuft livet i ei tragisk bilulukke. Jon var i mange år aktiv i folkemusikkmiljøet på Osterøy. Osterøy Spel- og Dansarlag (OSDL) har derfor bestemt seg for å arrangera ein konsert for å minnast han dei hugsar som svært sentral i miljøet sitt, som ein læremeister og inspirator for små og store spelarar. 

Før minnekonserten vert det opning av ei utstilling med ein del slåttenedteikningar, noter og annan dokumentasjon som er igjen etter Jon, saman med bilete av han. I tillegg vert det vist fram ei rekkje rytmeinstrument som han alltid reiste rundt med i ein sekk på ryggen. 

Minnekonserten og utstillinga vert halde på Osterøy Museum sundag 19. oktober. Konserten byrjar kl. 16:30, her vert det innslag frå ei rekkje grupper og artistar: Gabriel Fliflet, Syndebukken, Bergen Juniorspelemannslag, Spelemannslaget frå Cyberspace, Osterøy Spel- og Dansarlag, Håkon Høgemo og Knut Hamre. 

Inntektene frå konserten skal gå til utdanningsfondet til Jon og Marit Elisabeth sine born, som blei oppretta etter ulukka. 

Konserten er gratis for born under 18 år, og kostar ellers kr 50,-. Alle er velkomen til Osterøy, og om det er bygdefolk som vil ta turen som treng skyss frå Strandvik kan Tine Tuft Soltvedt (97043001) eller Ragnhild Bjørke (40053554) kontaktast for samkøyring.

Kjelde: Os & Fusaposten / Bilete: YouTube