Motor i havsnaud

By | 2013-07-13T16:47:08+00:00 13 juli 2013|Nyhende, Ymse|

Ved eit uhell opplevde ein båtførar å miste påhengsmotoren sin ned til det mørke djup av Bjørnafjorden. Uhellet skjedde utanfor Tuft tysdag 6. juli. Motoren på 9,9 hk hamna nede på 20 meters djup.

Den uheldige båtføraren stod nok og klødde seg i hovudet over korleis motoren kunne verta berga. Det viste seg at ingen i Strandvik på dåverande tidspunkt kunne dykke etter den.

Situasjonen syta for at Vinnes-bygda i ettertid såg sitt snitt til å skaffe seg litt reklame i desse agurknytt-tider. Formann Roger Hoel i Vinnes Båtlag tok kontakt med Strandvikjo.no og fortel at deira dykkargruppa vart kontakta etter denne noko uheldige hendinga. Hoel sjølv var på seglbåtferie på Shetland, men kunne sende ein annan dykkar i hans stad. Onsdag, dagen etter hendinga, vart det gjort eit resultatlaus dykk etter motoren.

Torsdag var Hoel komen heim. Etter rettleiing frå båteigar på omtrentlig plass der båt og motor skilde lag, hoppa han i sjøen og føretok eit systematisk søk på havbotnen. Sikta var dårleg, men motoren vart lokalisert og kunne endeleg bergast slik at ein sommar med båtkos vart sikra.

Trass i litt kameratsleg skitkasting mellom Strandvik og Vinnes innimellom, kan me opplyse om at dykkargruppa til Vinnes Båtlag stiller opp i nærområdet om noko under vatn skal gjerast – også for strandvikingar.

Til slutt eit bilete av fornøgd båteigar Trygve Mikkelsen og dykkar Roger Hoel. Det var ikkje Trygve Mikkelsen som førde båten då uhellet fann stad, men ein yngre slektning.

Mikkelsen og Hoel