Mottok Kongens fortenestemedalje

By | 2014-02-23T21:12:37+00:00 23 februar 2014|Kunst og kultur, Nyhende|

Strandvikingen Magne Tuft har heilt sidan 1968 vore aktiv som dirigent for kor og korps i Fusa. Han var songar i Strandvik Blandakor i 12 år frå 1956 – 1968 og vidare dirigerte han koret som vikar i 39 år, frå 1968 – 2007. Frå 1982 har han også vore, og er framleis dirigent og songar i Kammerkoret Takt og Tone. 

Magne TuftTidligare har den no pensjonerte bussjåføren på 76 år fått Fusa kommune sin Kulturpris og «Hederstegnet» frå Norges Korforbund Hordaland. Men den aller gjevaste prisen han har fått må vere H.M. Kongens fortenestemedalje. Denne vart delt ut av ordførar Hans S. Vindenes under ein konsert i Strandvik Grendahus 27. oktober 2013. Ein konsert der både Strandvik Blandakor og Kammerkoret Takt og Tone vart tilstades. 

Torsdag 20. februar var Magne på audiens på slottet. Her fekk han helsa på både Kongen og Dronninga. Han fekk også ein liten omvising på slottet og lunsj i ballsalen. I Os & Fusaposten laurdag 22. februar 2014 (Nr. 15 – 28. årgang) kan me lese at Kongen ikkje verka nervøs for å treffa ein musikklegende frå Fusa, og at Magne ynskjer Kongen velkomen om han kjem til Fusa. 

Strandvikjo.no gratulerer Magne Tuft med Kongens fortenestemedalje!