Inn ved fot av Bjørnafjorden ligg ei ven og vaker kystperle med namnet Strandvik. Kransa inn av knaus og kollar ligg bygda som eit paradis på ein solblank dag. Strandvik kan nærast beskrivast som sjølve kronjuvelen i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Bygda er eit ynda mål for sliten byfolk og andre langvegsfarande. Her har mang ei hytte, og her, i den avslappa atmosfæren i det velstelte kulturlandskapet, finn dei ro. Om det blir for mykje avslapping finn ein her eit mangfald av turstiar, fotballbane, tennisbane og fleire sandvolleyballbanar med sand i verdsklassa. I bygda arrangerast også årleg fleire spannande arrangement som eit løp og ein stor sandvolleyballturnering. Etter hard fysisk fostring er det ikkje langt til dei svært godt tilrettelagde badeplassane for ein forfriskande og reinskande dukkert i den herlege avkjølande fjorden. I denne idyllen blant fjord og fjell finn ein også ei vaker kyrkje, butikk og ein restaurant der du kan avslutte dagen med god mat og god drikke akkompagnert av fenomenal utsikt!

I tillegg til den vakre kyrkja, butikken og ein restaurant finn du her også ein flunka ny barnehage, ein veldreven skule, eit flott grendahus, fleire gardsbruk og fleire store og små bedrifter.

Strandvik, med sine 520 innbyggjarar per dags dato, er også ein tidlegare sjølvstendig kommune. Blant anna Vinnes og Baldersheim høyrde til Strandvik Herad. Strandvik vart skild ut som eigen kommune frå Fusa 1. januar 1903 samstundes med Hålandsdalen. Strandvik hadde ved opprettinga 1 876 innbyggjarar. Fusa kommune vart i 1856 skild ut frå Os. 1. januar 1964 blei Strandvik, Hålandsdalen og det meste av Fusa slått saman til den nye Fusa kommune. Strandvik hadde ved samanslåinga 2 053 innbyggjarar. 1. januar 2020 vart Strandvik ein del av Bjørnafjorden kommune og Vestland fylke.

Strandvikjo.no vart lansert i mars 2012 for å formidle informasjon, nyhende og diskusjon kring Strandvik for innbyggjarane, hyttefolk og andre interesserte. Strandvikjo.no er ikkje tenkt som ein erstatning for nyhende frå Os & Fusaposten, men heller ein plass der ein kan lese om ting som lokalpressa ikkje skriv om.

Så uansett om du kjem susande på dagstur med motorsykkel, langvegsfarande med bil, gåande over fjellet eller siglande inn fjorden er du velkomen til den fantastisk bygda vår!

Velkomen til Strandvik!

(Kjelde: Wikipedia)