Open gard

By | 2013-09-02T20:28:20+00:00 2 september 2013|Arrangement, Referat|

Søndag 25. august var det arrangert Open Gard i Strandvik. Arrangørane Fusa Bondelag og Strandvik Mjølk inviterte til gardsbesøk hos nettopp Strandvik Mjølk.

Open gard

Open gard – logo

Vêrgudane kunne by på strålande sol og arrangørane drog nok eit lettelsens sukk. Alt låg til rette for ei flott dag. Besøkjande kunne sjå seg rundt i fellesfjøset. Det var nok ikkje berre storleiken på fjøset som imponerte dei besøkjande, men òg all automatiseringa: mjølkerobot, møkaskraping og ku-«børsten». Andre dyr var  òg henta inn for anledningen. Sauer, hestar, grisungar og ei høne med ein liten kylling fekk mange beundrande blikk frå dei minste. Og sjølvsagt fekk dei store kjøretøya mykje merksemd, både frå liten og stor! Juraklut-kasting og natursti sto på programmet, og jammen vart det servert middag frå eit innhaldsrikt kjøkken.

Vaksne og barn såg ut til å kosa seg, både ute og inne.