Framside 2018-02-04T11:18:43+00:00

Ei fager vestlandsbygd

Innst i Bjørnafjorden ligg den idylliske kystperla Strandvik. Med eit mangfald av aktivitetar, attraksjonar og kultur. Leik deg i sandvolleyballbanar i verdsklasse, nyt ein konsert i kyrkja eller ta ein forfriskande dukkert. Opplev god mat og drikke akkompagnert av fenomenal utsikt frå den lokale restauranten!

Nyhende

Desse nyhende er henta frå Facebook, sjå arkivet for eldre innlegg her.

14 mai 2018, 17:11

Hjartleg velkomne til 17. Mai i Strandvik!

Kl. 07.00: Salutt.

Kl. 11.00-13.30: Leikar på skuleplassen.

Kl. 11.00: Kiosken opnar.

Kl. 12.00-13.30: Middagsservering.

Kl. 13.30: Folketog frå skulen. Kransnedlegging ved Bautaen.

Kl. 15.00: Folkefest i Grendahuset. Underhaldning ved skuleborna. Tale for dagen: Peter-Hans de Zwarte

Inngangsbillett: Vaksne kr 100,-/born kr 25,-.
... Sjå meirSjå mindre

06 mai 2018, 12:25

Det vert årsmøte for Strandvik og Vinnes Vassverk i Grendahuset i Strandvik i kveld (6. mai) kl. 19:00. Vel møt! ... Sjå meirSjå mindre

Strandvikjo har delt Fusa sokn sitt innlegg.
Strandvikjo

26 apr 2018, 17:12

VELKOMEN TIL GUDSTENESTER I HELGA! I Strandvik kyrkje sundag kl.11.00 vert den store dåpsfesten med fire born som skal bærast fram til dåp. Kl.16.30 er det gudsteneste i Sævareid kapell. Det vert kyrkjekaffi begge stadar.
Kontrastane er store når det gjeld dei to gudstenestestadane på sundag. Strandvik kyrkje er den største kyrkja vi har i soknet, og er det næraste vi kjem ein "katedral" hos oss - ei flott kyrkje!. Så har vi Sævareid kapell - ei lita og enkel innreia kyrkje - der vi sjølv på bakerste benk opplever å sitje langt framme!
Begge kyrkjene fortener eit besøk! Bli med på feiringane!
... Sjå meirSjå mindre

16 apr 2018, 12:00

... Sjå meirSjå mindre

04 apr 2018, 16:31

Vel møtt til årsmøte for Strandvik Bygdautval i Grendahuset i kveld kl. 18:30! ... Sjå meirSjå mindre

Langfredag kl. 11.00 vert det pasjonsgudsteneste i Strandvik kyrkje. Langfredag er Jesu krossfestings og lidingsdag. Vi samlast såleis til ei stillferdig gudsteneste kring komposisjonen «Jesu syv ord på korset» av Kjell Mørk Karlsen. Kyrkjekoret saman med tekstlesar drar oss inn i ein meditasjon kring det Jesus sa medan han heng på krossen. Ved hjelp av salmen «Gå under Jesu kors å stå» vert også vi som kyrkjelyd invitert til å ta aktiv del i denne meditasjonen, samstundes med at vi «eigengjer» oss orda som Jesus uttalte.

27 mar 2018, 20:22

Langfredag kl. 11.00 vert det pasjonsgudsteneste i Strandvik kyrkje. Langfredag er Jesu krossfestings og lidingsdag. Vi samlast såleis til ei stillferdig gudsteneste kring komposisjonen «Jesu syv ord på korset» av Kjell Mørk Karlsen. Kyrkjekoret saman med tekstlesar drar oss inn i ein meditasjon kring det Jesus sa medan han heng på krossen. Ved hjelp av salmen «Gå under Jesu kors å stå» vert også vi som kyrkjelyd invitert til å ta aktiv del i denne meditasjonen, samstundes med at vi «eigengjer» oss orda som Jesus uttalte. ... Sjå meirSjå mindre

16 mar 2018, 18:39

Strandvik og Vinnes Vassverk melder om utspyling av leidningsnettet i Strandvik og Vinnesbygda laurdag 17. mars frå 09:00 til 16:00. Ved spørsmål kontakt 41617501 eller post@sovv.no. ... Sjå meirSjå mindre

Strandvikjo har delt et innlegg.
Strandvikjo

05 mar 2018, 18:19

Husk at det ligger en flott ny kunstgressbane under snøen😊 kjedelig hvis den blir ødelagt etter første vinter. Parker bilen på parkeringsplassen eller kjør der det er asfalt. ... Sjå meirSjå mindre

Last meir

Hendingar

Di hending her?

Ingen hendingar akkurat no.

Last meir