Presentasjon av sentrumsplanen

By | 2013-10-07T15:46:13+00:00 6 oktober 2013|Nyhende, Referat|

Gjennom bygdeutviklingsprogrammet LivOGLyst har selskapet Geoplan AS blitt engasjert til å utvikle ein sentrumsplan for Strandvik.

25. mai 2013 besøkte Geoplan bygda for andre gong. Der presenterte dei ulike skisser for Strandvik sentrum med utspring frå eit tidlegare møte med idémyldring.

Den nemnde presentasjonen er no lagt ut som dei 64 bileta du ser nedanfor. Du kan trykkje på kvar enkelt for å forstørre dei, eller klikke på pilene nede til venstre når du har forstørra biletet for å bla fram og tilbake i presentasjonen.

Kom gjerne med innspel om kva du synest om planen i kommentarfeltet under denne artikkelen.

Om du ynskjer å laste ned presentasjonen som eit PDF-dokument kan du gjere dette ved å trykkje på denne lenkja.